[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Aasta Hansteen

opprinneleg Asta Hansteen

Fødd
10. desember 1824, Oslo (Christiania)
Død
13. april 1908, Oslo
Virke
Målar og kvinnesakskvinne
Familie

Foreldre: Fysikar og astronom Christopher Hansteen (1784–1873) og Johanne («Hanne») Cathrine Andrea Borch (1787–1840).

Ugift.

Brordotter av Conradine Dunker (1780–1866); tante (fars søster) til Kristofer Hansteen (1865–1906) og Edvard Heiberg Hansteen (1867–1949); grandtante (farfars søster) til Viggo Hansteen (1900–1941).

Aasta Hansteen var kunstmålar, forfattar, målkvinne og kvinnesakspioner.

Aasta Hansteen, fotografert 1863
Av .

Aasta Hansteen var ein norsk kunstmålar, forfattar og kvinnesakspioner. Ho var den første kvinna i Noreg med utdanning som profesjonell kunstmålar, og ei av dei første kvinnene frå sitt samfunnslag som fekk ei formell fagleg utdanning og eit yrke.

Hansteen var svært oppteken av kvinnesaka og målsaka, og publiserte ei rekkje artiklar og bøker der ho fremja sitt syn. Ho er kjend som den første kvinna som heldt offentlege foredrag i Noreg. Den frimodige åtferda hennar gjekk over grensene for det som var akseptert for kvinner i dåtidas Noreg, og ho vart møtt med motstand og latterleggjering. For den seinare kvinnerørsla vart ho ei viktig inspirasjonskjelde.

Barndom

Aasta Hansteen var den første kvinna i Noreg som blei utdanna til profesjonell kunstmålar.
Selvportrett (1844)
Av .

Aasta Hansteen blei fødd i Christiania som nest yngst i ein barneflokk på seks. Ho vart døypt Asta, men fornorska namnet til Aasta som vaksen. Hansteen var fødd inn i ei av dei fremste danske embetsslektene i Noreg (sjå Hansteen), og familien tilhøyrde den kulturelle og intellektuelle eliten i hovudstaden. Faren var Christopher Hansteen, professor i astronomi og anvendt matematikk ved Universitetet i Oslo.

Aasta omtalte sjelden mora, Johanne Cathrine Andrea Borch (1787–1840), som ho mista som 16-åring. Likevel ser det ut til å ha vore eit visst intellektuelt slektskap mellom dei to. Ho hadde òg eit nært forhold til dei tre søstrene sine. Men først og fremst var ho knytt til faren. Ikkje berre var ho svært lik han av utsjånad, lita og spenstig, men ho hadde òg arva hans «vældige aandelige energi» og rettferdssans. Ho hadde òg eit kvinneleg førebilete i tanta Conradine Dunker, som var aktiv i kulturlivet og dreiv skule etter at ho blei enkje i 1844.

Frå 1833 budde familien i Universitetsobservatoriet rett utanfor Christiania, som var spesielt innreidd for faren. Heimen var gjestfri og frisinna, ein møtestad for kunstnarar og forskarar frå inn- og utland. Mykje tyder på at Aasta Hansteen ikkje fann seg til rette i det danna og kulturelle miljøet, der intelligenspartiets estetiske og nasjonale syn dominerte. Sjølv sette ho heile livet sitt Henrik Wergeland høgast av alle norske diktarar. Hos han fann ho kanskje den same rastlause ånda som hos seg sjølv. Johan Sebastian Welhaven, som var ein flittig gjest og venn av familien, hadde ho derimot lite til overs for.

Kunstnaren Hansteen

Aasta Hansteen sitt portrett av faren Christopher.

Christopher Hansteen
Av /Nasjonalmuseet.

Allereie som barn viste Hansteen talent innanfor teikne- og målarkunst. Velvilje og støtte frå faren var ein føresetnad for at ho som den første kvinna i Noreg kunne utdanne seg til profesjonell biletkunstnar. Hansteen var ei av dei første kvinnene frå sitt samfunnslag som fekk ei fagleg utdanning og eit yrke. At ho valde nettopp målarkunsten, kan ha fleire årsaker. Kunst, særleg målarkunst, var eit av dei få yrka som kunne aksepterast for overklassekvinner.

Frå 1843 studerte ho under den kjende portrettmålaren Johan Gørbitz, og året etter måla ho sitt første bilete, eit sjølvportrett. Hausten 1844 reiste ho til København. Der vart ho elev hos den seinare professoren ved Kunstakademiet, Jørgen Roed. Seinare studerte ho òg i Düsseldorf og Paris.

Blant Hansteen sine tidlege arbeid finn ein mellom anna portrettet av Karoline Ewald (1846). I dette og i fleire seinare kvinneportrett finn ein mange likskapstrekk mellom modellen og kunstnaren. Desse tidlege måleria fekk inga god mottaking i Christiania. Hansteen la vekt på det særeigne uttrykket til modellane framfor å idealisere, noko som braut med portrettmåleria til samtida. Det snevre og lite rause miljøet var lite stimulerande for Hansteen, og i 1849 reiste ho til Düsseldorf for å halde fram med studia. Der arbeidde ho med store figurkomposisjonar, både med motiv frå norsk folkeliv og motiv med meir europeisk tilsnitt.

I åra 1852–1855 gjorde Hansteen lukke som portrettmålar i Christiania. I 1853 måla ho biletet av faren, som er det verket ho er best kjend for i dag. Eit høgdepunkt var då ho som einaste kvinne vart teken ut til å representere Noreg på verdsutstillinga i Paris i 1855. Her deltok ho med fire måleri, mellom anna portrettet av faren og eit dobbeltportrett av døtrene til fetteren, Bernhard Dunker. Under eit opphald i Paris i 1855–1856 arbeidde ho med to større bibelske komposisjonar, der ein av dei, Moses støttet av Aron og Hur (1856), vart fullført. Etter ei tid med sjukdom vende ho i 1860 tilbake til Paris og måla nok eit bibelsk motiv, Jael og Sisera. Ho representerte fleire gonger Noreg ved utstillingar i utlandet.

Frå starten tok Hansteen kunstnarkarrieren sin på alvor. Så lenge ho heldt seg til det som var sett på som passande for ein kvinneleg kunstnar, nemleg portrettmåleriet, vart ho møtt med velvilje og oppmuntring. Men sjangerbileta og dei bibelske bileta vart møtt med uforstand og skepsis, og ho innsåg sjølv at ho ikkje hadde krefter til å gjennomføre ambisjonane sine. I åra som følgde, overtok andre interesser – målsak og kvinnesak. Under opphaldet i USA i 1880-åra tok ho opp igjen målargjerninga, men då for å tene til livets opphald. Etter heimkomsten til Noreg i 1889 slutta ho å måle.

Dei fleste av måleria til Hansteen er gått til grunne, men portrettet av faren er del av samlinga til Nasjonalmuseet.

Målsak

Hansteen støtta den nasjonale rørsla og målsaka. Landsmålet representerte både ein kamp for nasjonal frigjering og ein kamp mot den einsidige bykulturen. At ei embetsmannsdotter frå Christiania skulle stå fram som ein av Noregs første brukarar av landsmål, var kanskje enda meir uvanleg enn det å verte profesjonell målar.

Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Hansteen vart tidleg gripen av den nasjonale rørsla og målsaka. Landsmålet representerte for henne både ein kamp for nasjonal frigjering og ein kamp mot den einsidige bykulturen. Hansteen var døypt Asta, men rundt 1860 gjekk ho over til å skrive Aasta, då ho tykte det var meir norsk. Ho likte ikkje den danskprega kulturen i hovudstaden, og brukte difor namnet Oslo i staden for det danskklingande namnet Christiania.

Arbeidet til Ivar Aasen hadde sett spor hjå Hansteen, og ho var òg ein flittig gjest hjå Aasen. Eit opphald i Telemark i 1852 gav djupare innsikt i det som blei oppfatta som «ekte, nasjonal kultur», ikkje minst språkleg.

Hennar første offentlege ytring om målsaka kom anonymt i 1862 i form av ei bok med tittelen Skrift og Umskrift i Landsmaalet. Boka inneheldt for det meste omsetjingar til landsmål av norske forfattarar. Eit par eigne polemiske dikt danna ramma om omsetjinga, og i ei «kjøkemeistertale» la ho fram sitt syn på målsaka. Hansteen vart dermed den første kvinna som gav ut ei bok på landsmål. Til då hadde det berre kome ut nokre få bøker på landsmål: fire bøker av Aasen på dialekt og landsmål/dansk, ei diktsamling av Bernhardine Catharine Brun, den første boka til Aasmund Olavsson Vinje, ei sogebok av Eirik Sommer og ei reiseskildring av Axel Arbo.

I 1850- og 1860-åra publiserte Hansteen òg fleire dikt på landsmål, mellom anna i avisene Dølen og Ferdamannen. Ho kom òg med eit framlegg om ei lesebok på landsmål i 1867, men tida var ikkje mogen for dette, og prosjektet stranda på økonomien. Målsaka måtte sidan vike for andre interesser, men mot slutten av livet gav ho ein bunke uutgjevne dikt til Syn og Segn, som trykte dei i 1908.

At ei embetsmannsdotter frå Christiania skulle stå fram som ein av Noregs første brukarar av landsmål, var kanskje endå meir uvanleg enn det å verte profesjonell målar. For Hansteen var landsmålet ei form for opprør. Ikkje berre var det ein kamp for politisk og nasjonal frigjering, men òg ein kamp mot den einsidige bykulturen. Utover i 1860-åra fortsette ho å skrive dikt på landsmål. Ein del av desse vart trykt i Dølen og i Ferdamannen. Det personlege preget vart etter kvart sterkare. Sjølv om dikta ikkje er rekna som stor lyrikk, fortel dei mykje om Hansteen som menneske: eit vekslande sinn med sterke kjensler, glede over naturen og det vakre og ein stor sans for humor. Etter landsmålsperioden skreiv ho dikt på riksmål, men få av desse er publiserte.

Kvinnesak

Aasta Hansteen, måla av Oda Krohg.
Av /Oslo Museum.

Frå 1870 via Hansteen livet sitt til kvinnesaka. Glødande og energisk gjekk ho til verks, men det eksentriske vesenet og den kompromisslause veremåten hennar skaffa henne mange fiendar.

John Stuart Mill si bok The Subjection of Women (1869) fekk stor tyding for Hansteen. Boka vart omsett til dansk i 1870 av Georg Brandes under tittelen Kvindernes Underkuelse, og fekk avgjerande innverknad på den framveksande kvinnerørsla. Hansteen sjølv helsa Mill som «Befrieren», den «høihjertede og herlige Tænker». Same år rykte ho ut med fire store artiklar i Dagbladet til støtte for Mill, dei første av ei lang rekkje avisinnlegg, pamflettar og polemiske skrifter.

I februar 1871 skreiv ho, for første gong under fullt namn, artikkelen «Kvindens stilling i Verda». Dette var eit oppgjer med den alminnelege kristelege oppfatninga om at den underordna stillinga for kvinna var ein del av Guds skaparplan. Også kvinna var skapt i Guds bilete som eit fullt og heilt menneske og med ein likeverdig natur, hevda ho.

Dei same tankane tok ho opp i den første boka si om kvinnespørsmålet, som Hansteen òg rekna som hovudverket sitt, Kvinden skabt i Guds billede. Boka vart gjeven ut i 1878, men var skriven tidlegare – ei bok som kom til å stå sentralt i hennar livslange kamp mot kyrkjas kvinnesyn. I boka gjekk ho hardt ut mot «hankjønnstyranniet», som ho hevda vart styrt av kyrkja. Ho argumenterte for at dersom kvinna var skapt i Guds bilete på linje med mannen, burde ho òg ha dei same rettane. Påstandane til Hansteen førte til ein hard strid med teologane, og resulterte til slutt i at ho melde seg ut av statskyrkja.

Hansteen heldt ei rekkje foredrag i Christiania, København og Stockholm. Foredragsturneen i framkant av bokutgjevinga i 1878 skapte mange diskusjonar, sidan ho som kvinne skulle tale offentleg. Inga kvinne hadde gjort noko slikt i Noreg før, og ho vart skyteskive for ironi og hån frå borgarskapet. Hansteens sterke sjølvmedvit, saman med ein til tider manglande sans for sjølvkritikk, var kanskje bakgrunnen for at ho våga å stå offentleg fram med sitt sinne og glødande engasjement.

Hansteen utfordra – og overskreid – grensene for kva ei kvinne kunne tillate seg i Noreg mot slutten av 1800-talet når det gjaldt levemåte. Ho frekventerte kafear og levde eit sosialt liv som vart rekna som usømmeleg og umoralsk for kvinner.

Det var ikkje berre foredraga som gjorde Hansteen til ei allmenn akseptert skyteskive. I 1875 tok ho offentleg i forsvar ei svensk baronesse som hadde skrive ei skulding mot ein norsk student, fordi han forlét henne då ho skulle føde barnet hans. Kvinna forlangte at studenten enten skulle gifte seg med henne eller utvisast frå universitetet (det var det som vanlegvis skjedde med ugifte kvinner som fekk barn – dei vart ofte tvinga til å gifte seg og risikerte å miste jobben). Hansteen skreiv brosjyrar og opne brev, og danna ei kvinnegruppe som offentleggjorde namnet til studenten. Til trass for det sterkt personlege utgangspunktet var dette i røynda den første kampen for prinsippet om same moral for menn og kvinner.

Hansteens engasjement blei rekna som sosialt uakseptabelt. Både på grunn av denne skandalen og engasjementet sitt i kvinnesaka vart ho offer for spott og latter, og fekk eit rykte som vanskeleg. Grunnlaget vart lagt for «tante Ulrikke-myten»: den eksentriske, halvgale og mannevonde kvinnesakskvinna med ridepisk og paraply. Det var vanskelege år. «Hvor jeg vendte mig hen, var det som om jeg mødte et spyd imot mig,» sa ho seinare. Ho forlét Noreg og drog til Amerika – til «frihedens land» – våren 1880.

Tida i Amerika

Hansteen budde i USA i ni år. Der livnærte ho seg som målar og skaffa myndlingen Theodora Nielsen songundervisning. Dei slo seg ned i Boston, der Hansteen deltok i den amerikanske kvinnerørsla, skreiv artiklar og heldt foredrag.

Frå Amerika skreiv ho brev til Henrik Ibsen om at ho hadde sett seg føre å velte steinen frå den grava der kvinna som menneske og ånd var gravlagd, men at ho hadde forløfta seg, for steinen såg ut til å liggje støtt som eit fjell.

Medan Hansteen var i Boston, kom ho i kontakt med eit feministisk miljø som skulle setje preg på dei seinare arbeida hennar. Inspirert av kvekarane og Christian Science-rørsla vidareutvikla ho den feministiske teorien sin. Ho sende fleire artiklar heim til Noreg der ho agiterte for si overtyding.

Opphaldet gav Hansteen nye impulsar på ei rekkje område. Sjølv om ho opplevde skuffelsar og økonomiske problem, gjekk ho aldri vekk frå synet sitt på Amerika som «det første sted paa jorden for kvinder».

Tilbake til Noreg

Aasta Hansteen heldt fram med å halde foredrag og skrive kronikkar heilt fram til sin død i 1908.

I mellomtida hadde kvinnesaka framgang i Noreg, og i 1887 starta Norsk Kvindesagsforening tidsskriftet Nylænde, med Gina Krog som bladstyrar. Hansteen skriv sjølv at «Jeg maatte ile hjem, da jeg skjønte at et nyt lys var tændt i gamle Norge». I 1889 returnerte Hansteen til eit Noreg som var politisk og kulturelt endra i hennar fråvær. Ho vart motteken av den «nye» kvinnerørsla som ein av pionerane i kvinnesaka.

Ho skreiv framleis flittig om teologi, spiritisme og samfunnsspørsmål, i tillegg til at ho tok opp att målsaka. Gløden og kompromissløysa hennar har sidan gjort henne til eit førebilete for mange. I 1897 gav ho ut boka Kristi kirke i det nittende aarhundrede, som var ei forlenging av Kvinden skabt i Guds billede. På 80-årsdagen sin i 1904 vart ho utnemnd som æresmedlem i Norsk Kvinnesaksforening.

Hansteen heldt fram med å halde foredrag og skrive kronikkar heilt fram til sin død i 1908. Hun skreiv om alt frå teologi, litteratur og målsak til politikk, arbeidarspørsmål og sosialisme. Men først og sist var det kvinnesaka som opptok henne. Ho såg seg sjølv som ein profet, som hadde i oppgåve å reise den kvinnelege ånda på jorda og heve henne til sin rette plass. Ho var ingen nøytral akademisk tenkjar, men skreiv med same lidenskap og engasjement som ho levde med.

Ettermæle

Ideane til Hansteen blir gjerne rekna som vanskelege å plassere både i kulturhistoria og i den feministiske konteksten. Meir enn dei teoretiske bidraga hennar har den særeigne personlegdommen hennar, med mot og vilje til å gå eigne vegar og ikkje bøye av for forventningane samfunnet har til kvinna, vore det som har gjort henne til eit av dei store førebileta innanfor kvinnerørsla. Ho var eit døme på den nye kvinna, sterk og kjempande. Ho gjorde og sa ting andre kanskje kunne tenkje seg å gjere, men ikkje torde. Originaliteten til Hansteen gjorde henne mellom anna til modell for Lona Hessel i Henrik Ibsens Samfundets støtter og for Gunnar Heibergs Tante Ulrikke.

Hansteen vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. I 1910 vart det reist ei byste av henne på grava, hoggen av Gustav Vigeland. Det er også reist ein bronsestatue av Hansteen på Aker Brygge i Oslo, utført av Nina Sundbye, av Norsk kulturråd og Oslo kvinnesaksforening. Hansteen har òg fått Aasta Hansteens vei på Stovner i Oslo kalla opp etter seg, i tillegg til gassfeltet Aasta Hansteen i Norskehavet.

Utgjevingar

Trykt materiale (eit utval)

  • Skrift og Umskrift i Landsmaalet, 1862
  • Kvindens stilling i Verden, i Nordisk Maanedsskrift for folkelig og kristelig Oplysning 1871, s. 231–237
  • Kvinden skabt i Guds Billede, 1878
  • Kristi kirke i det nittende aarhundrede, 1897
  • Dikt i (Ivar Aasens) landsmaal. 1862–67, i Syn og Segn 1908
  • Tyve aars kamp. Tilbageblik og fremsyn, redigert av E. Aasen, 1985

Upublisert materiale

  • Etterlatne brev, dagbøker, manuskript med meir i Riksarkivet og Nasjonalbiblioteket
  • dagbøker 1874–1875 i Arbejderbevægelsens Bibliotek og Arkiv, København
  • materiale i Stortingsarkivet, i Jarlsbergs arkiv og i Universitetssekretariatets arkiv

Måleri

  • Portrett av Karoline Ewald, 1846, privat eige
  • Pilgrimer ved brønnen, 1851
  • Portrett av Christian H. Schweigaard, 1852, Berg-Kragerø Museum
  • Portrett av professor Hansteen, 1853, Nasjonalgalleriet
  • Sofie og Mathilde Dunker, 1855, privat eige
  • J. S. Welhaven, 1855, Nasjonalgalleriet
  • Anton Martin Schweigaard, 1855, Nasjonalgalleriet
  • Camilla Collett, 1855, Nasjonalgalleriet
  • En ung arbeider, 1855–57, privat eige
  • Grubleren, 1856, Norsk folkemuseum
  • Moses støttet av Aron og Hur, 1856, Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa, USA
  • Laura Gundersen, 1867, Nasjonalgalleriet
  • Theodora Nielsen, 1881, Nasjonalgalleriet

Avbildingar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Agerholt, Anna Caspari: Den norske kvinnebevegelses historie, Oslo 1937
  • Aure, Anton: Kvinnor i den nynorske bokheimen : stutte livsskildringar. Nikolai Olsens Prenteverk 1916
  • Hansteen, F.: «Åsta Hansteen privat», i Norske Kvinners Nasjonalråd 1904–1954, 1957, s. 35–41
  • Jensen, Lill-Ann: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Lein, Bente Nilsen: «Aasta Hansteen som feministisk teologisk tenker», i Kirke og Kultur 1980, s. 202–215
  • Lein, Bente Nilsen; Monsen, Nina Karin med fleire: Furier er også kvinner. Aasta Hansteen 1824–1908, 1984
  • Lervik, Å. H.: «De offentlige kvinnestemmers pionertid», i E. Beyer: Norges litteraturhistorie, bind 1, 1991, s. 480–490
  • Løchen, O.: «Aasta Hansteen», i Marie Høeg og Fredrikke Mørck: Norske kvinder, bind 1, 1914, s. 35–44
  • Moe, K.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5, 1931
  • Monsen, Nina Karin: «Kvinnesakens profet», i Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.): Venstres hundre år, 1984, s. 62–73
  • Wichstrøm, Anne: Kvinner ved staffeliet, 1983
  • Wichstrøm, Anne: biografi i Norsk kunstnerleksikon, bind 2, 1983

Faktaboks

Aasta Hansteen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045015624

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg