I 2020 fekk me nye ord som koronasveis, karantenehotell og kohort inn i daglegtalen vår. I 2020 slutta me å handhelsa på folk, men me lærte å delta på digitale møte. I starten av året var corona kun ein øltype, men no betyr det pandemi.
Bloggeåret 2020 har vore heller labert, men dette er faktisk blogginnlegg nr. 39 i år. Det er ikkje så aller verst tykkjer eg, når ein tenkjer på at alt i samfunnet rundt har vore så annleis.
Leseåret 2020 kan samanfattast med fem stikkord:
Nytt. Krim. Menn. Norsk. Lyd.
Det vil altså sei veldig mange 2020-bøker (29% av alle eg las), ein overveldande andel krimromanar (68%), ubegripeleg mange mannlege forfattarar (78%), ein stor andel norske forfattarar (57%) og ein ganske klar overvekt av lydbøker (47%).
Detaljane følgjer nedanfor.
Leseåret 2020
(Fjorårets tal i parentes)
Til saman
108 bøker (94)
- 16 av dei på over 500 sider
Sjanger
74 krim-, thriller- og spenningsromanar (61)
12 andre romanar (12)
20 sakprosa (15)
- av desse 10 biografiar (9)
2 novellesamlingar (4)
Format
34 papirbøker (38)
23 ebøker (18)
51 lydbøker (38)
Alder
73 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2019 (53)
32 i 2020 (38)
- av dei 20 norske (17)
Utgitt før 2000: 3 (7)
Kjelder
52 lånt - privat, bibliotek og BookBites (55)
44 Storytel-abonnement (25)
11 kjøpt sjølv (12)
1 bok fått i gåve (3)
Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)
Terningkast
Terningkast 6: 1 bok (1)
Terningkast 5: 36 bøker (31)
Terningkast 4: 56 (43)
Terningkast 3: 14 (14)
Terningkast 2: 0 (0)
Terningkast 1: 0 (0)
Forfattarar
19 "nye" forfattarar (25)
81 bøker skrivne av menn (68)
29 av kvinner (28)
Nasjonalitet
62 bøker skrivne av norske forfattarar (48)
18 av svenske forfattarar (19)
13 britiske (11)
2 danske (5)
3 franske (4)
4 amerikanske (3)
4 irske (0)
1 islandsk (2)
1 australsk (0)I 2020 las eg flest bøker av
Tor Bomann-Larsen: 8
M. J. Arlidge: 5
Tana French: 4
David Baldacci: 4
John Harvey: 3
Gard Sveen: 3
Håkan Nesser: 3
Dei øvrige: 1 og 2 av kvar
Lesemål 2020
108/100 bøker totalt
16/10 mursteinar (over 500 sider)
10/10 biografiar
10/10 annan sakprosa
12/30 bokomtalar
19/30 nye forfattarar
ha eit strålande nytt leseår, alle saman!