Fvt. er ei forkorting for før vår tidsrekning eller før vanleg tidsrekning. Den brukast for å angi årstall før år 1 i den tidsrekninga vi brukar i dag. Den tilsvarande forkortinga for årstal etter byrjinga av denne tidsrekninga er evt. (etter vår tidsrekning eller etter vanleg tidsrekning). Årstall merka fvt. teljast bakover i tid, slik at 500 fvt. er lengre sidan enn 100 fvt.
Faktaboks
- Også kjend som
-
før vår tidsrekning, før vanleg tidsrekning
- Hovudartikkel: vanleg tidsrekning
Tidsrekninga tar utgangspunkt i den tradisjonelle berekninga av Jesu fødsel. Til dømes viser år 150 fvt. til 150 år før ein meinte Jesus vart fødd. Tidspunktet for Jesu fødsel er i verkelegheita ikkje kjent. Forskning tilseier at han vart fødd mellom år 6 og 4 fvt.
Fvt. tilsvarar f.Kr. (før Kristus). Det vert teke i bruk som ein meir nøytral måte å oppgi årstal i den same tidsrekninga på.
Omgrepa fvt. og evt. har vorte etablerte i fleire fagområde. Dei tilsvarande omgrepa på engelsk er Before the common era (BCE) og Common era (CE).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.