[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Guido Schjølberg

Guido Andreas Schjølberg

Fødd
30. mai 1886, Kragerø
Død
22. desember 1976, Oslo
Virke
teiknar, målar, grafikar
Verkestad
Kragerø
Familie

son av skulestyrar Halvdan Sverre Schjølberg (1852–1936) og Gustava Beate Heggen (1863–1952)

gift i 1927 med Magdalena Kjeldby (fødd 1897)

Kunstnaren Guido Schjølberg
Av /Telemark museum / digitalmuseum.no.

Guido Schjølberg var ein norsk målar, grafikar og teiknar, som i all hovudsak henta motiva sine frå fødebyen Kragerø. Han var elev av målaren Christian Krohg.

Bakgrunn

Måleri av Kragerø av kunstnaren Guido Schjølberg.
Fødebyen Kragerø var eit hovudmotiv for Guido Schjølberg gjennom heile karrieren. Lilletorget, akvarell (ca. 1950)
‹‹Lilletorget››, akvarell (ca. 1950)
Av /Telemark museum / digitalmuseum.no.
Lisens: CC BY ND 4.0

Schjølberg tok juridisk embetseksamen i 1908. Eit par år seinare, i 1910–1911, studerte han på Statens kunstakademi i Kristiania under Christian Krohg. Han drog til Paris i 1911, der han var elev under målarane Raoul Dufy og André Lhote, og mellom 1913 og 1915 var han elev på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under grafikaren og målaren Johan Nordhagen. Gjennom livet drog han på studiereiser til København, Frankrike og Spania, men også til meir heimlege trakter, som Setesdal.

Han fekk stipend frå Unge Kunstneres Samfund i 1930, og frå 1930 til 1937 var han sekretær i Oslo Kunstforening.

Motiv og stil

I likskap med Theodor Kittelsen var Schjølberg inspirert av miljøet i småbyen, med hus, tronge smau og menneske.
«Torvet i Kragerø», radering (ca. 1910–1930)
Av /Telemark museum / digitalmuseum.no.

I likskap med målaren Theodor Kittelsen var Schjølberg inspirert av miljøet i småbyen, med hus, tronge smau og menneske. Skildringa av Kragerø hos Schjølberg er likevel utan den bitre snerten som ein finn hos Kittelsen. Med stor kjærleik teikna og måla Schjølberg byen til alle tider på døgnet og i all slags vêr, dei mange taka i Kragerø sett ovanfrå heiane, hus som stør seg mot einannan, og underfundige og poetiske skildringer av livet i dei tronge gatene.

Også i tida han oppheldt seg i utlandet, for det meste i Paris, kunne motiva hans minne om bilda frå Kragerø. I mange år budde Schjølberg på Skåtøy i skjergarden utanfor Kragerø om sommaren, der han måla tre, svaberg og havbukter med både sommarblomstrar og haustleg fargeprakt. Teknikken og fargebehandlinga hans minner mest om dei seine impresjonistane, og skildringa av fødebyen og innbyggarane der har dessutan naivistiske trekk.

Offentlege arbeid

Utvalde utsmykkingar og verk i offentlege samlingar:

Illustrasjonsarbeid

  • Årsmapper Norsk Forening for Grafisk Kunst 1926–1940

Utstillingar

Utvalde separatutstillingar

Utvalde kollektivutstillingar

  • Høstutstillingen, 1911–1912, 1916, 1924, 1926, 1928–1930, 1933, 1936–1940, 1946, 1947, 1949, 1959
  • Jubileumsutstillingen, Kristiania, 1914
  • Bergens Kunstforening, 1915
  • Oslo Kunstforening, 1923–1935
  • Nordisk grafik, Stockholm, 1924
  • Nordisk grafik, København, 1925, 1937
  • Nordisk grafik, Helsingfors, 1931, 1939
  • Verdensutstillingen, Paris, 1937
  • Nasjonalgalleriets retrospektive utstilling over norsk kunst, 1940
  • Den Officielle Norske Kunstudstilling, København, 1947
  • Norsk grafikk, Lausanne, 1950
  • Kragerø i malerkunsten, Oslo Kunstforening, 1950
  • Norske grafikere 40 år, Kunstnernes Hus, Oslo, 1960
  • Norske grafikere 50 års jubileumsutstilling, Kunstnernes Hus, Oslo, 1969
  • Kragerømessen, 1962, 1966

Eige forfattarskap

  • Kragerø og kunstnerne, Kunst og Kultur, 1934, s. 111–126 (illustrasjon)
  • Kunstnere som har benyttet Skåtøy som arbeidssted, Sannidal og Skåtøy. Bygdebok, Kragerø, 1953, band 3, s. 347–350

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eli Ingebretsen og Olaf Willums, Om grafisk kunst, Oslo, 1928, s. 76, 79, 100, xxxv
  • Studentene fra 1903, Oslo, 1928
  • Kristofer Sinding Larsen, Norsk grafikk i det tyvende århundre, Oslo, 1941, s. 51–52, 59, 104
  • Reidar Revold, Norges billedkunst, Oslo, 1953, band 2, s. 78
  • Inger Sandberg, Kunstnerliv i Kragerø, Kragerø, 1966, s. 27

Faktaboks

Guido Schjølberg

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg