Sjølv om Lom omfattar store fjellområde med lite dyrkbart areal, er jordbruket framleis viktigaste næringsveg. Gardane ligg gjerne 365–450 meter over havet. Klimaet er tørt, så vatning er nødvendig og har lang tradisjon. Avlingane av bygg, poteter og gras er ofte høgare enn landsgjennomsnittet, og husdyrhaldet er stort. Husdyra nyttar framleis ein del av fjellbeita, som også blir brukte av eit tamreinlag. Avverking av skog er relativt beskjeden, og utgjorde i 2022 om lag 2700 m³.
Lom har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 58,4 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Smådøla (i drift fra 2015), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Eidefoss Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Graffer Kraft med om lag ein sjettedel.
Lom har stort besøk av turistar, ikkje minst med Jotunheimen som mål, og turistnæringa er i kraftig vekst. Det er mange hotell, turisthytter og pensjonat i Bøverdalen og Leirdalen (mellom anna Røisheim, Elveseter og Jotunheimen fjellstue) og i Fossbergom (mellom anna Fossheim Hotell).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.