Elveseter Hotell er ein gammal storgard i Lom kommune i Innlandet fylke ved riksveg 55, Nasjonal turistveg Sognefjellet. Elveseter ligg i Leirdalen, nord for Galdhøe og Galdhøpiggen, på 670 meter over havet. Garden byrja å ta i mot turistar i 1870 og er gradvis ombygd til turisthotell i stadeigen stil. Det har 230 senger og er eit utgangspunkt for turar i sentrale delar av Jotunheimen. Det er merkte ruter til Juvasshytta og Raudbergstulen.
På garden står det ei 33 meter høg steinsøyle, Sagasøyla, utført av bilethoggaren Wilhelm Rasmussen. Den var opphavleg tenkt som eit monument over Riksforsamlingen på Eidsvoll og skulle stå framfor Stortinget i Oslo. Då dette ikkje vart noko av, kjøpte Elveseters dåverande eigar Åmund Elveseter søyla og reiste ho ved hotellet i 1992. Sagasøyla er dekt av relieff med motiv frå norsk historie.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.