Vang er ein kommune i Innlandet fylke som femnar om Begnavassdraget øvst i Valdres med fjelltraktene på begge sider. Vang omfattar søndre delen av Jotunheimen med Bygdin og Tyin i nord og Filefjell i vest. Vang grensar til Lærdal og Årdal kommunar i vest og Luster i nord, alle i Vestland fylke. I nordaust grensar Vang til Lom og Vågå kommunar, og i aust til Øystre Slidre og Vestre Slidre kommunar, alle i Innlandet. I sør har Vang grense mot Hemsedal i Buskerud fylke.
Vang kommune vart oppretta i 1838 etter at formannskapslovene var vedtekne året før. I 1882 vart eit mindre område overført til Øystre Slidre, og kommunegrensene har vore uendra sidan då.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.