Bakgrunnen for eposet er kringsetjinga og hærtakinga av Troja, etter at den trojanske prinsen Paris hadde bortført den vakre Helena. Odyssevs var hjernen bak den trojanske hesten, det utspekulerte knepet som førte til gresk siger etter ti år med krig.
Når Odysseen startar, har Odyssevs vore på reise i ti år, etter å ha vore i krig i ti år. Han har altså vore bortreist frå hoffet sitt på øya Ithaka i tjue år. Etter mange farefulle opplevingar har han mista mannskapet sitt og blir halden som kjærleiksfange av nymfa Kalypso på øya Ogygia.
Starten av eposet, den såkalla telemakhien, skildrar livet ved hoffet på Ithaka. Penelope, kona til Odyssevs, blir plaga av ei rekkje friarar som insisterer på at Odyssevs må vere død og at ho bør gifte seg med ein av dei. Ho har lova å velje ein av dei til ektemake når ho blir ferdig med ein vevnad. For å vinne tid rekkjer ho kvar natt opp det ho har vove dagen før. Sonen Telemakhos reiser ut for å finne ut kva som har skjedd med faren.
Deretter vender forteljinga blikket mot Odyssevs, som blir lauslaten av Kalypso etter ordre frå dei olympiske gudane. Han lid skipbrot og blir skylt i land på øya Skheria, der han blir teken imot av den faiakiske prinsessa Nausikaa. Ved hoffet fortel Odyssevs om dei ti åra han har vore på heimferd. Gjennom tilbakeblikk får lesaren dimed høyre historiene om trollkvinna Kirke, nedstiginga til dødsriket, dei brutale kyklopane, dei farlege og forførariske sirenene, og ikkje minst havmonstera Skylla og Kharybdis.
Med hjelp frå faiakarane legg Odyssevs ut på siste del av heimferda. Han går i land på Ithaka, der gudinna Athene hjelper han å kle seg ut som ein gamal og rynkete tiggar. Slik kjem han heim utan å bli gjenkjent av andre enn svinegjetaren Evmaios, sonen Telemakhos og amma Evrykleia, som held identiteten hans hemmeleg.
Penelope utfordrar friarane til ei tevling: Den som greier å spenne Odyssevs’ boge, skal få henne til kone. Den einaste som greier kraftprøva, er den forkledde Odyssevs, som også gjer meisterstykket å skyte pila gjennom 12 øksehovud. I eit blodig oppgjer tek han så livet av dei meir enn hundre friarane som har herja i huset medan han var borte. Etter ein konfrontasjon med dei etterlatne sluttar Odyssevs til sist fred med folket på Ithaka.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.