Gjesdal er ein kommune i Rogaland fylke, søraust for Sandnes. Gjesdal ligg i overgangen mellom Høg-Jæren, Ryfylke og Dalane og grensar i aust til Agder fylke. Gjesdal omfattar i vest øvre del av Figgjo og det meste av Oltedalselva sine nedbørfelt, i nord områda omkring Høgsfjordens inste arm, Frafjorden, og dessutan dal- og fjellstrøka austover til fylkesgrensa mot Agder. I søraust omfattar kommunen øvste del av Bjerkreimsvassdraget. Gjesdal grensar til Sandnes i nord, Sirdal i Agder i aust, Bjerkreim i sør og Time i vest.
Kommunen vart oppretta i 1838 som en følge av at det det kommunale sjølvstyret vart innført gjennom formannskapslovene året før. Den fekk dei noverande grensene sine i 1965 då søre del av tidlegare Forsand, austre del av tidlegare Høle, og dessutan mindre delar av Bjerkreim (Nedre Maudal) og ein ubebodd del av Time, vart overført til kommunen. Samtidig endra kommunen namn frå Gjestal til Gjesdal.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.