[go: up one dir, main page]

gamalt lite tre hus med høgt gras og kratt rundt

Når stølsdrifta blir lagd ned og beitedyra er borte, tek skogen over stølsvollen og husa kan forfalle.

Foto av forlatt støl
Lisens: CC BY SA 3.0

Seter er eit område der husdyr kan beite om sommaren. Ofte ligg setrene høgt oppe i fjellet og langt frå garden. På setrene står det små hus der dei som passar på dyra kan bu. Eit anna ord for seter er støl.

Sommarbeite

svart-kvitt bilete med kyr og to menneske. bak dei er det tre hus bygd i tre
Grønlisetra i Sandsvær omkring 1915. Dei to husa til høgre er seterbuer (størhus), huset til venstre eit fjøs.
Av /Statsarkivet i Kongsberg.
Lisens: CC BY SA 3.0

Bruk av setrer var spesielt vanleg fram mot 1900-talet. Den gongen dreiv bøndene jordbruket annleis. Dyra trong store område til å beite på. Om sommaren var det vanleg at folk frå gardane førte husdyr som kyr, sauer og geiter til seters. Der kunne dyra beite i område der ein ikkje skulle slå graset.

Budeia var ein viktig person på setra. Dette var ofte kona, ei eldre dotter eller ei anna kvinne frå garden. Budeia skulle mellom anna mjølke kyr og geiter to gonger om dagen. Ho laga smør og ost av mjølka. Ho måtte òg bere vatn og halde orden på setra.

Dei minste barna som ikkje kunne arbeide heime på garden, var ofte med på setra. Barna arbeidde ofte som gjetarar. Deira oppgåve var å følge dyra til beiteområda om morgonen og å leie dei tilbake til setra til mjølking om ettermiddagen.

Setrer i dag

Bruk av setrer har vore vanleg i Noreg så lenge det har budd folk her. Men utover 1900-talet vart seterbruk i landbruket stadig mindre vanleg. I dag er drifta på gardane meir spesialisert. For dei fleste bønder løner det seg ikkje lenger å drive seterbruk. Likevel finst det nokre få setrer som framleis er i bruk.

Nokre av dei gamle setrene blir brukt som fritidsbustader. Mange er opptekne av å ta vare på kulturlandskapet. Dei vil ikkje at dei åpne områda skal gro igjen med skog. Norsk og svensk seterdrift er teke med på UNESCO si liste over kulturarv som er verdt å ta vare på. Det er også tradisjonar knytta til seterdrift

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Almås
Professor em. i anvendt sosiologi, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet