Viser innlegg med etiketten Lilly. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lilly. Vis alle innlegg
15.5.11
festligheter
Så var festlighetene over for denne gong. Dei siste dagane har bestått av pølser, ballongar, søtsaker i alle former og fasongar, ungar, vaksne og gamle. Me har kost oss, og jubilanten gjekk godt fornøgd til sengs i kveld. Kan nok bli litt vanskeleg å forstå kvifor ho ikkje kan få gåver i morgon...
No har me sege godt ned i sofaen, og blir nok her resten av kvelden.
Håpar du har hatt ei fin helg!
13.5.11
3 år!
sjarmerande
omtenksom
søt
hissig
ordrik
lang
rosa
sint
morgonfugl
fantaserande
veslevaksen
sprudlande
bestemt
grinete
nydeleg
ein stor personlighet i ein liten kropp
21.12.10
23.11.10
takknemleg
kjenner meg så takknemleg
for at eg får vere heime og kose meg med verdas herlegaste gut
for at eg kan glede meg til godjenta mi kjem heim seinare
saman med mann min,
den beste
Kjenn etter,
kva er du takknemleg for i dag?
Ønsker alle ein god,
og takknemleg tysdag.

18.7.10
on the beach
sand mellom tærne og vannmelon i handa...
Det blei sol i dag, slik som eg håpa!
Me trossa vinden og fekk nokre timar på stranda.
Håpar du har hatt ein fin sundag,
med eller utan sol.
10.7.10
bokstavkjeks og saft
...er super kos for ei to år gamal jente!
Spesielt når ein har fått eige "kaffiservise".
Kjøpt av mammen på Søstrene Grene i Stavanger.
18.6.10
god helg!
Lilly ønsker alle ei god helg frå lekekassen!
Me går ei kjekk helg i møte. I morgon skal eg på loppemarknad, the one and only her i området. Eg gler meg!
..............................
Takk for alle dei fine kommentarane nedanfor. Det er veldig kjekt å dele ei så stor glede! :O) Og til dei som lurte, formen er og har vore veldig god.
13.5.10
2 år!
Hipp, hipp, hurra for Lilly!
Godjenta vår har blitt to år! Ho har feira med gode vener og familie. Pølser, kake og cupcakes. Gode ting for ei god, lita jente.
Ein herleg dag å minnast.
24.3.10
ein hyllest
Foto: BO design & foto
....til den beste kjærasten,
og kjekkaste pappen som blir
30 år i dag!!
Hurra!
Hurra!
Hurra!
20.1.10
J I P P I
Foto: BO design & foto
Gleda er stor!
Då me kom heim frå jobb i dag, var det vatn i kranane.
Aldri har eg vore så glad for å ha vatn i hus, det kjem til å bli veldig verdsatt i tida framover.
30.12.09
my lovely love
Foto: BO design & foto
For nokre veker sidan var me sjå Bodil-BO og fotograferte Lilly.
Veldig kjekt å møte den koselege dama,
og veldig kjekt å få så mange fine bilete av gojenta vår.
og veldig kjekt å få så mange fine bilete av gojenta vår.
25.11.09
koseteppe
Me er så heldige å ha ei farmor som strikkar "slumretepper" til liten og stor. Eg er berre så glad i desse teppene, og dei blir flittig brukt. Teppe på bilete er i Lilly-størrelse, men me har og to i mamma/pappa størrelse.
Det blir aldri ein høneblund utan...
Eg har lenge tenkt at eg må få oppskrifta på desse teppene
(i Lilly-størrelse...). Gleda var derfor veldig stor då eg tilfeldigvis kom over oppskrifta i boka
Strikking: gammel teknikk i ny design av Lilly Secilie Brandal.
Ein ting er sikkert: Kose/slumretepper er ein
god ting i livet.
Oppdatering: Eg ser i ettertid at det kanskje høyrtes rart ut at eg blei så glad over å finne oppskrifta i ei bok. Kvifor spør du ikkje berre, tenkjer kanskje nokon. Det er altså farmora til S som lagar desse teppa, ho bur langt vekke og er gamal så det er ikkje så ofte me sjåast. Så no veit du det, enten du lurte eller ei ;O)

22.11.09
God sundag!
Eg og Lilly kikkar innom ein tidleg sundagsmorgon for å ønske alle
ein herleg dag.
Me har ingen andre planer enn å kose oss i lag,
slappe av og ete middag sjå foreldra mine.
Akkurat slik ein sundag skal vere.
God sundag!
11.11.09
bilete nr. 4...
...i mappe nr 4:
På dette bilete er nok Lilly ca 3 månader.
Det var ein milepæl då ho klarte å halde ei leke sjølv.
Denne utordringa har eg fått av
og den lød som følger:
2. Velg den 4. eller 7. mappa
3. Finn frem det 4. eller 7. bildet
4. Legg ut bildet og skriv om det
5. Utfordre 6 andre
Eg vel å gi utfordringa vidare til alle som vil! :O)
28.10.09
Vottetid
Før eg kunne byrje på kjolen, var det nokre små, kalde fingrar som måtte få litt alpakkabeskyttelse. Eg strikka først ein vott etter ei oppskrift som skulle vere frå 1-2 år... eg vil heller seie 12 år... Litt frustrert fann eg fram heklenåla og måla hendene til Lilly. Resultat: eigenkomponerte vottar som er akkurat passe.
24.10.09
Ellis Corner
(ramma er ein av svært få svarte ting her i huset...)
(dette kjem eg nok til å ta fram att til våren)
og "Madicken kjole"
Når det gjeld kjolen, så ligg det ein liten historie bak. Me planlegg ein tur til fotograf med Lilly i nærmaste framtid, og då blir det til at mor tenkjer ein del på kva prinsessa skal ha på seg. No bør det eigentleg ikkje vera ein så stor sak, for eg vil at ho skal ha på seg ein heilt enkel "kvardags"kjole. Men når ein ikkje har ein slik kjole, då blir det ein sak å klare å skaffe det.
Eg har tenkt på ein "Madicken kjole. Litt gammaldags, heilt enkel og kvit. Når eg då finn ein kjole som blir skildra slik: Söt ljuvlig rosa- och vitrandig förklädesklänning Åsa som andas Astrid Lindgrens Ida och Madicken och början 1900-tal. Då er eg solgt. Det vil sei, kjolen er solgt. Sjølv om den er i storleik 4-6 år....Lilly er snart 1, 5.....
Eg tenkte eg kunne sy den litt til.... Når eg fekk kjolen forstod eg at det blei litt omfattande. Eg vil jo ikkje "øydeleggje" den med å klippe i den. Ny plan: strikke ein kjole. No har eg dårleg erfaring med å strikke kjolar (tar for laaaang tid!), men eg skal gjere eit nytt forsøk. Det betyr, mindre blogging og meir strikking....

God laurdag!
Her skal det strikkast...
20.10.09
Eit lilla innlegg
6.10.09
24.8.09
Lovely for my love
Då me var i Spania i sommar oppdaga eg eit nytt klesmerke for born, Obaibi. Dei hadde mykje fint til små prinsar og prinsesser.
Noko av det eg likar best med det me kjøpte, er stoffa. Herlege motiv. På dongerijakka synest eg at det er foret som gjer den fin.
Detaljar gjer mykje med eit plagg. Kanskje alt....
Noko av det eg likar best med det me kjøpte, er stoffa. Herlege motiv. På dongerijakka synest eg at det er foret som gjer den fin.
Detaljar gjer mykje med eit plagg. Kanskje alt....
10.8.09
Lilly inviterer...
...på bollar og saft!
Desse fine barnemøblane er kjøpt på MiniMe, og me er kjempe nøgde! Eg har vore på utikk ei lita stund og ingen kan måle seg med desse :O) Stort og godt bord som flittige barnehender kan arbeide på, plass til mange og muligheit for oppbevaring i benken. Eg kunne godt hatt noko liknande i voksen storleik ;O) Eg håpar at Lilly blir glad i møblane og brukar dei mykje i tida som kjem.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)