Her skal me byggje og her skal me bu. Som dykk ser; det blir tett og godt! Nokre vil kanskje meine det er galskap å flytte frå den plassen me bur på no, og inn på eit byggefelt. Men akkurat no er me på eit stadie i livet der byggefeltets fasiliteter står sterkare enn sjøutsikt. Me har allereie fått kjenne på dette då me var på besøk sjå dei nye naboane (som me kjenner frå før). Ungar som spring rundt og leikar, leikeplassar rundt kvar ein sving og ikkje minst, kaffislabberas sjå naboen :O)
Eg har prøvd å teikne inn korleis huset skal stå på tomta. Målestokk er ikkje brukt ;O) Me får ein forholdsvis stor terrass med garasje under, og huset ligg litt på ein høgde, ut frå vindauga på denne sida av huset har me difor fri sikt. Greit å ikkje vere innebygd på alle kantar.... :O)
Ein av tingene eg likar godt her me bur no, er morgonsola som strøymer inn (ja, når den viser seg da) frå eine sida av huset, og kveldssol frå andre sida. Huset er jo ikkje så stort, så då fyller sola heile rommet, herleg! Me har ein del vindauge i det nye huset og, og då eg fekk flytta på ei terrassedør (og ofra litt plass til kjøkkeninnredning) håpar eg at me klarer å få den effekten i det nye huset og.
Ein annan ting eg håpar på er å få behalde nokre av trea. Kanskje ikkje så kjekt for dei som skal grave og plannere tomta....men det skadar ikkje å spørje. Når ein er litt over gjennomsnittet interessert i korleis ein har det rundt seg, kan ein ikkje gjere alt på den mest praktiske måten ;O)