Nakenfrøa planter er den eine av dei to store gruppene med frøplanter. Den andre store gruppa blir kalla dekkfrøa planter eller blomsterplanter. Det finst mellom 900 og 1 200 artar nakenfrøa planter. Alle er treaktige, mange har kongler. Den største gruppa er bartre, som gran og furu.
Faktaboks
- Etymologi
- Pinophytina av Pinus gammalt latinsk namn på furu/pinje og gammalgresk φυτόν (phyton) 'plante'. Gymnospermae av gresk γυμνός (gymnos) 'naken' og σπέρμα (sperma) 'frø'
- Også kjend som
- Pinophyta (som rekke/avdeling), Gymnospermae
- Vitskapeleg namn
- Pinophytina (som underrekke/underavdeling)
- Beskriven av
-
Cronquist, Takhtajan & Zimmermann (1966) ex Reveal (1995)
Både nakenfrøa og dekkfrøa planter formeirer seg med frø, men frøa er ulike. Hos dei nakenfrøa plantene sit frøemna nakne på eit bladliknande organ. Hos dekkfrøa planter blir frøemnet utvikla i ein lukka behaldar kalla fruktknute. Etter befrukting utviklar fruktknuten seg til ein eller annan type frukt i botanisk forstand.
Dei nakenfrøa plantene er dei eldste og mest primitive av frøplantene. Ein har funne fossil tilbake til perioden karbon, for 290—350 millionar år sidan. Dei første dekkfrøa plantene oppsto mykje seinare, for 160—245 millionar år sidan. Dei dekkfrøa plantene har utvikla formeiringsorganet blomster og blir derfor ofte kalla blomsterplanter. Ein stor del av blomsterplantene pollinerte av insekt, medan så godt som alle nakenfrøa planter har vindpollinering.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.