[go: up one dir, main page]

Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov

Kystmammuttre er eit bartre frå California som heiter redwood på engelsk. Det kan bli 1000 år gammalt og over 100 meter høgt.
Redwood
Av /Shutterstock.

Cryptomeria japonica, japanseder. Foto fra: Den Jyske Skovhave, Rold Skov

Sypressfamilien er ein familie med oftast eviggrøne bartre. Dei har skjelforma blad og små frøkongler. Familien har mellom 135 og 169 artar, avhengig kva som blir rekna som artar. I Noreg er det berre einer som veks vilt, men mange blir bruka som prydtre i hagar og parkar, til eksempel tuja.

Faktaboks

Uttale

sypressfamilien

Vitskapeleg namn
Cupressaceae
Beskriven av

Gray (nom. cons.)

Artar med skjelforma blad har som ungplanter ofte nåleforma blad (barnåler) som kan bli bevart når plantene blir formeira ved stiklingar. Nokre slike ungdomsformer vart tidlegare feiltolka som artar i ei eiga slekt kalla Retinospora.

Grupper

Artane i sypressfamilien er samla i 30 slekter. Her er nokre av dei viktigaste:

Einer

Einer er ei slekt med 75 artar tre og buskar som veks på den nordlege halvkula. I Nord-Europa finst berre éin art, vanleg einer, som er delt i to underarter i Noreg, bakkeeinerog fjelleinerFjelleineren er ein liten og krypande underart som veks i fjellskog og i lågfjellet. Han har langsgåande, mjuke og korte nåler.

Fjellmammuttre

Fjellmammuttreerkjempestore tre som veks vilt i California. Treet kan bli over 100 meter høgt, med eit stammetverrmål på 8—10 meter.

Kystmammuttre

Kystmammuttre blir ofte omtala med det amerikanske namnet redwood, særleg når det er tale om trelast. Treet kan bli 1000 år gamalt og bli over 100 meter høgt.

Urtidstre

Urtidstre (Metasequoia) har mange trekk felles med mammuttrea ( Sequoiadendron ), men har stilkete frøkongler og korsstilte kongleskjell. På samme måten som lerk mister trea nålene om høsten.

Japanseder

Japanseder er cirka 20 meter høg, kjem opprinneleg frå Aust-Asia og blir nytta som prydtre i Europa. Treet er lite hardført og derfor lite planta i Norge.

Sumpsypress

Sumpsypress er ei slekt med artar i Nord-Amerika. Sumpsypressen gjev store tre, inntil 50 meter høge og med laukkforma oppsvulma stamme nedst. Dei veks ved elvebredder og i sump og har knebøygde anderøter.

Tuja

Tuja er ei slekt med fem artar. Fleire er vanlege i hagar og parkar. Vanleg tuja kan bli eit 20 meter høgt tre i det austlege Nord-Amerika. Arten finst i fleire kultivarar og blir ofte planta i hagar, parkar og på kyrkjegardar i Noreg.

Vokstuja

Thujopsis dolabrata, vokstuja. Foto fra: Hobro, Jylland, Danmark

Vokstuja kjem frå Japan. Treet likner tuja, men skjellblada er grovere: på oversida er dei glinsande, på undersida har dei kvite voksgroper. Vokstuja er vanleg i hagar, men ikkje så mykje bruka som østamerikansk tuja.

Sypress

Sypress er ei slekt med 25 artar. Artane i slekta er eviggrøne bartre. Dei har krossvis motsette, skjelforma blad. Frøkonglene er runde med tjukke og skjoldforma kongleskjel med mange frøemne. Veden er hard og verdifull.

Lawsonsypress

Lawsonsypress består av fem artar i Nord-Amerika og Øst-Asia. Desse trea likner tuja, og har skjellforma, motsette blad, der oversida for størstedelen er sammenvokst med greina.

Småbiota

småbiota (Microbiota) er ein krypande og hardfør busk som opprinneleg kjem frå Sibir. I Noreg blir småbiota planta som dekkplante.

Systematikk

Merk at systematikken nedanfor ikkje følger opp nyare genetisk forsking, sjå avsnittet Systematikk i artikkelen Nakenfrøa planter.

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekke Pinophyta nakenfrøete planter, nakenfrøingar
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Cupressaceae sypressfamilien

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Farjon, A. (2005). A monograph of Cupressaceae and Sciadopitys. Kew, Royal Botanic Gardens.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cupressaceae
Artsdatabanken-ID
103779
GBIF-ID
8144

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg