Kvikksølv er eit grunnstoff som er eit sølvkvitt metall med høg tettleik. Kvikksølv er det einaste metallet som er flytande ved vanleg romtemperatur. Det fordampar lett og leier elektrisitet dårleg. Det løyser andre metall og dannar legeringar som ein kallar amalgam. Kvikksølv er giftig.
Faktaboks
- Engelsk namn
- mercury
- Atomsymbol
- Hg
- Atomnummer
- 80
- Relativ atommasse
- 200,6
- Smeltepunkt
- -38,87 °C
- Kokepunkt
- 356,58 °C
- Massetettheit
- 13,546 g/mL ved 20 °C
- Oksidasjontal
- I, II
- Elektronkonfigurasjon
- [Xe]4f¹⁴5d¹⁰6s²
Kvikksølv høyrer til gruppe 12 i periodesystemet.
Kvikksølv har vore kjent heilt sidan oldtida. Tidlegare vart det brukt i mellom anna termometer og amalgam i tannfyllingar. No blir kvikksølv rekna som ei av dei mest skadelege miljøgiftene, og mange tidlegare bruksmåtar er fasa ut eller har blitt sterkt reduserte. Sidan 2008 har det vore forbode å bruke kvikksølv i produkt i Noreg.
- Les meir om kvikksølvforgifting og kvikksølvforureiningar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.