Tynset er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Østerdal, med grense mot Folldal i vest, Alvdal i sørvest, Rendalen i sør og Tolga i aust. Mot nord og nordvest har Tynset grenser mot Oppdal, Rennebu og Midtre Gauldal kommuner i Trøndelag fylke. Hovudtyngda av busetnaden finst langs Glåma (Glomma), med tettstaden og administrasjonssenteret Tynset. Busetnaden er elles nokså spreidd i sidedalane.
Tynset kommune vart oppretta i 1838 etter at formannskapslovene vart vedtatt året før. Kommunen omfatta da også områda som i dag er Alvdal og Folldal kommunar. I 1864 blei desse to områda skilt ut som eigen kommune. Tynset kommune fekk dei noverande grensene i 1966 etter samanslåing med det meste av tidlegare Kvikne kommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.