Tre personar fast i fjellet i Luster
Det er sett i verk ein redningsaksjon ved Skagastøltindane i Luster.
Det dreier seg om tre personar som har vore på klatretur som ikkje kjem seg ned att, opplyser Hovudredningssentralen til NRK.
Ingen av dei skal vera skadde, men dei har vore på tur sidan torsdag morgon, og er slitne.
Frivillige er kalla ut, og eit redningshelikopter er på veg frå Florø.







