Da byrja renga før når eg planta og eg tenkte at då tar eg bilder i måro og legge ut..... Men mine kjekke naboar kom meg i forkjøpet. Hjorten!!! Han lika tydelegvis desse fine raude blomane som stod i denna krukka. Men har bare smaka på dei søte små gule. Blir nok mange sånne hos meg då.
mandag 31. mai 2010
Huset i skogen
Da byrja renga før når eg planta og eg tenkte at då tar eg bilder i måro og legge ut..... Men mine kjekke naboar kom meg i forkjøpet. Hjorten!!! Han lika tydelegvis desse fine raude blomane som stod i denna krukka. Men har bare smaka på dei søte små gule. Blir nok mange sånne hos meg då.
søndag 30. mai 2010
To gode vener!
Endeleg sumartemperatur og badever for dei minste. Sidan bassenget frå i fjor endå ikkje er erstatta med eit nytt (det blei sjølvsagt hol i...)tok vi fram ugrasstampen.
Jepp du leste rett. Eg fekk ein stor og stilig ugrasstamp av Sandnestanto. Den har verkeleg vore nyttig. Ikkje berre har eg brukt den til å samle ugras, men i dag gjorde den nytte som badestamp. Tihi... Ungane hadde det toppers på altanen, medan sola steikte rundt oss.
HERLEG!
Ha ei fin veke.
Klem Gunilla
lørdag 29. mai 2010
Kyllingnuggets
torsdag 27. mai 2010
Det glade 80-talet...
Eg har nyss sett gjennom ein del strikkaklè som prinsessa skal få. Tida er knapp, så no står kleda klare til levering...
I ullkleda fann eg blandt anna to nydelege jakker. Det er hentesetta tante Grete strikka til oss medan vi låg på sjukehuset.
Dei er spesialdesigna og strikka i akkurat rette størrelsen (44 cm og 48 cm). Vi var for tidleg født og jakkene er dermed pitte små:). Skikkeleg søte!!!!
Merete og Nilsen tvillingane . Merete var favorittsøskenebarnet, som passa oss mykje som små og som alltid var utruleg snill og god med oss. Ingeborg(dottera) er akkurat samme "sorten" og ungane våre elskar ho!
Pappa i kjent stil då vi var små. Han var alltid hest, og vi satt på ryggen! JUHU!
Dei snille besteforeldra våre. Vi er heldige som framleis har farmor iblandt oss:).
Søstrene snuse i den SUPERKULE tvillingvogna!
Folk snakkar alltid om kor mykje pakkar det er "no til dags". Det glade 80-tallet hadde (såvidt eg ser...*fnis* ) akkurat like mykje pakkar. Her ser du dei tre kusinene og bromlemann Per Helge.
Den eldste av oss tre kusiner, samt Gunilla på fanget.
Vår herlege mamma med gullungane på fanget:)
Her er vi med dei nydelege jakkene på oss, dei viser ikkje så godt på biletet.
Kanskje kan prinsessa bruke denne jakka heim frå sjukehuset? Spesielt om temperaturen framleis blir litt låg. Eg er så spent på om det blir ei Mathisenjenta eller Nilsenjenta. Eg held ein knapp på sistnemde...tihi...
Klem Gunilla
Phu...
TEST
onsdag 26. mai 2010
Bordpynt, bordkort, og anna knask!
No ventar vi alle på ny baby i familien. Eg skvett litt kvar gong systo ringer, sidan eg har bakvakt...tihi... Eg føler eit stort ansvar no som mamma og pappa lever livets glade dagar i Kina. Eg veit jo at systo og team svigers har mange dei kan ringe til når det endeleg skjer. Sanninga er at eg blir kjempe snurten om ikkje telefonen kjem til MEG! Fniiis.Denne ventinga er så spanande at eg har ikkje ord. I tillegg blir det ekstra spesielt å få eit tantebarn no som eg har to skjønne gullungar sjølv. No kan eg vera meir bevvist på å gi ei hjelpande hand. Ser for meg trilleturar rundt bygda og ungar på liggebesøk. Herleg!!!!
I tillegg til å vente på ei lita prinsesse så planlegg vi bryllup på seinsumaren.
Sjølv om det framleis er nokre månader til bryllup er det jo litt som skal planleggjast. Spesielt sidan bryllupet skal feirast i Spania.
Bordkort, kyrkjeprogram, bordpynt, val av kyrkjesongar (eg er jo så heldig at eg skal gifta meg med ein "rockar" så songar i kyrkja skal vi ha), kokk, servitør, ja i det heile.
No har vi endeleg bestemt oss for kva sjanger vi skal ha til bords. Vi ser for oss rullesteinar, fine lyslykter, grønne friske blomar og søte bordkort/serviettar.
Vi jentene satsar på ein bytur om ikkje så altfor lenge, så kanskje vi kan gå til innkjøp av litt pynt då.
GOD NATT FOLKENS.
Klem frå Gunilla
tirsdag 25. mai 2010
Permisjon
TEST
Ja, eg har visst fått litt støv på hjernen. Eg kjenner eit sterkt behov for å ha det reint og ryddig i alle krokar! No høyres det sikkert ut som vi har det strøkent i heimen, men det er så og sei umulig med to små rundt meg...hihihi. Sjølv om eg har aldri så god tid så kjem rotet i takt med at eg ryddar! Idag kjente eg saknet etter å ta turen på jobb...fnis.
TEST
søndag 23. mai 2010
Leilighet til leige i vakre Kvinnherad
torsdag 20. mai 2010
Har du ei pusedyne på lur?
TESTTEST
TEST
TEST
Klem F
tirsdag 18. mai 2010
Ventetid!
For ein start på fødselspermisjonen. Idag er eg lettare solbrent på nase og kinn. Fregnene poppar fram ei etter ei....heilt topp!
TEST
For første gang sidan prinsen byrja på skulen har eg tatt imot han etter skuletid. Guten var både sjokkert og lukkeleg på samme tid. *fnis* Det var sjølvsagt kjempe stas.... Vi har elles hatt ein "travel" dag med hagearbeid, hyttebygging, sykkeltur og vasking av kle. Ingenting er så travelt som å ha fri..hoho.
No er vi nesten i mål med vasking av alle babykleda. Eg har fått samla saman klær frå alle kantar. Både mosto og tante Tine har bidratt med små skattar som eg hugsar godt igjen. No gler vi oss til å ta dei i bruk atter ein gong....
Ha ei flott veke folkens!!
mandag 17. mai 2010
HIPP HIPP HURRA!
Bessen held tradisjonen tru og forsynte oss med heliumgass og ballongar! Det var kult å stå opp til stova full av ballongar...
Kvelden fekk ein nydeleg avslutning då vi kom heim....På døra hang det eit gåvekort på heile 250,- kroner namna til prinsen i huset. Han hadde best resultat på HESTESKO KASTING i sin klasse...Gjett om det er mykje pengar for ein 8-åring. Han sprang bort til mormor og bessen, ringte mosto og sendte melding til pappa som er på jobb!
Stor gleda i livet for ein liten kar! ST
Klem F
søndag 16. mai 2010
Ostekake, Heidi spesial!
I morgon er det 17. mai og familien Nilsen Hillestad gledar seg veldig...tihi...
Litt mat er førebudd til i morgon, blandt anna ei ostekake.
Oppskrifta har eg fått frå ei super veninne og kan anbefalast alle på det varmaste.
Ostekake Heidi spesial:
Kok opp 1 1/2 dl vatn og rør ut 1 pk gele (sitron, bringebær, you name it) KJØL NED.
Botn:
Knus ein pakke mariekjeks eller digestive og bland i ca. 150 gram smelta meierismør. Ha det heile i ei kakeform (sett i kjøleskap)
Fyll:
Pisk 3 dl fløyte + 1 1/2 dl sukker + 2 ts vaniljesukker. Rør deretter i 250 gram naturell ost (tine evt. philadelphia) + to boksar creme freche. Bland alt saman og tilsett til slutt gele.
Hell røra over kjeksbotn 0g sett det heile i kjøleskapet.
Heidi brukar alltid sitrongele, det gjere kaka ekstra frisk og god. Eg måtte nøye meg med bringebærgele i dag, og i tillegg måtte eg jukse med rømme istadenfor creme freche. Såvidt eg las på nettet skulle ikkje det ha noko betydning i denne samanheng.
Dette er ei kake du ikkje skal steike, ENKELT OG GODT!
GOD 17. MAI ALLE SAMAN.
Klem frå oss i kråkeslottet
mandag 10. mai 2010
YOU ROCK TANTE!
I vekesvis har desse prinsessene planlagt overnatting hos tante Sigrid...idag var endelig dagen kommen og jentene har vore SUPER gira og fulle av forventning! Det var stor stemning i bilen då dei sette nasene mot Husnes. Dette var ei rein jenteovernatting så det var ikkje snakk om at prinsane skulle vere med... Planen var klar: MAMMA MIA show, DS speling, kvelds med nugatti skive, hopping i senga og kos med tante.
TEST
Heldigvis er ikkje mosto er ikkje verre på det enn at den eldste prinsen fekk overnatte hos den yngste prinsen....så alle ungane var fornøgde.
TEST
Eg hugsar sjølv den gode følelsen det var å ha liggebesøk av kjekke søskenbarn. ... Då koste vi oss uendeleg mykje....
TESTTEST
Godt med snille, tålmodige tanter!!!
TEST
Stor Klem F
onsdag 5. mai 2010
Grillsesongen er starta!
Grillspyd spesial, Herr. Mathisen
Familien Nilsen, Mathisen og Hillestad er godt i gang med grillsesongen. Ingenting er som sol, sumar(snart ihvertfall) og herleg grillmat.
Vi grilla etter jobb i dag, Herr. Mathisen var grillsjef. Det er utan unntak velukka.
Heia Team Svigers.
Sumaren 2010 er fyrste året vi ikkje har masse planar om alt som skulle vore gjort. Dei store posjekta er unnagjort (hagen, utviding av altan, oppussing inne, etc.), og resten er berre kos. Altanen er utvida og endeleg kan vi ha ein grillfest med mange gjester.
PS: Eg meinar ikkje på nokon måte at vi er ferdige med "alt" som skulle vore gjort (no no no...). Dette må jo presiserast sidan mannen er i Amerika og kjem heim i morgon. Endeleg, no ventar vi alle tre. Lengselen har vore STOR!
HA EIN FIN KVELD FOLKENS!
mandag 3. mai 2010
"Kanino og Kuo"
søndag 2. mai 2010
lørdag 1. mai 2010
Rørt av prinsen!
Etter legginga i kveld blei eg verande i underetasjen for å ta kle, rydda vaskerom og alt det vanlige. Då eg kom opp på kjøkkenet ein time seinare stod det ein STOR bukett med engkarse på kjøkkenbordet:) Store prinsen har funne vase og vatn heilt sjølv, og på toppen av det heile hadde han dandert oppsatsen med eit rødt jordbær i midten...*fnis* Utrulig snilt, veldig kreativt og kjempe stas for mammo.
Engkarsen minnar meg veldig om mi eiga mormor. Vi plukka flittig bukettar til mormor, og ho satte veldig stor pris på det:) Verdas finaste ugrass som ho sa det så godt! Det er jo stas at mine eigne har arva denne lysta etter å plukka ugrass....verdas finaste ugrass vel å merka!
Ha ein fin søndag!
Klem Frøydis
Min bloggliste
-
Stolt turner - Gratulerer med Poden som er tatt ut i guttegruppen til landslaget i turn! Det ligger utrolig mye trening bak disse gymnastene, de imponerer stort! Utrolig...for 6 år siden
-
daffedag - av og te så får eg da for meg at eg skal bli så sporty og sprek liksom, glemma alt som hette migrene og elendighet - frisk luft vil gjera meg så bra a...for 8 år siden
-
Løvli sjal. - Dette sjalet heter Løvli og har en flott løvkant. Det er strikket i Drops Baby Merino på pinne 5. Det er _strikkelisa_ som har laget mønsteret (samme ...for 9 år siden
-
Smoothie for de syke og svake - Smoothie er en fin ting å lage når man har noen som er syke, noen som er sulten, noen som har trent og noen som bare har lyst på. *Smoothie for de syke ...for 9 år siden
-
Et lite tre... - På veggen! Et slags juletre har kommet opp på veggen! Vi har pyntet det med gamle julekuler, hjemmelagde snømenn og andre duppeditter!for 10 år siden
-
Julekalender 2015: med et lite glimt fra kjøkkenet - Med to små halvsyke her hjemme idag, så blir det halvdårlige mobilbilder her på bloggen. Is og pepperkakehjerter, det hjelper iallefall når en liten er...for 10 år siden
-
B R A I D S - B R A I D S Naturlig pynt plukka langs hagegjerdet. Strå i lange fletter. Sola som skin. Handmade is the new black. ❤for 10 år siden
-
Livsteikn frå huset ved sjøen - For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og p...for 11 år siden
-
-
-
Sjølvforsynt - Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! (Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...) Mi inspirasjonskjelde! Her g...for 12 år siden
-
Vinne en støvsuger? - Så er jeg tilbake igjen -etter en lang og delvis ufrivillig pause. (*Kjekt å få datakyndig hjelp når både blogg og passord plutselig er hacket av ukjent...for 13 år siden
-
Dett var dett - Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg dess...for 13 år siden
-
Vesle søte Henrik - Ingen tvil om at vår vesle søte HENRIK er vel motteken i heimen. Ungane er så gode med den vesle hjarteknusaren, at det er heilt rørande... Eg er så takks...for 14 år siden
-
Ny blogg! - Da jeg synes det ble for mye sykdom på denne bloggen har jeg startet en ny. Vil du følge den setter jeg pris på det. Uansett - takk for følget på denne! Ny...for 14 år siden
-
-
Bloggarkiv
-
▼
2010
(134)
-
▼
mai
(17)
- Huset i skogen
- To gode vener!
- Kyllingnuggets
- Det glade 80-talet...
- Phu...
- Bordpynt, bordkort, og anna knask!
- Permisjon
- Leilighet til leige i vakre Kvinnherad
- Har du ei pusedyne på lur?
- Ventetid!
- HIPP HIPP HURRA!
- Ostekake, Heidi spesial!
- YOU ROCK TANTE!
- Grillsesongen er starta!
- "Kanino og Kuo"
- Gratulera med dagen Borghild!
- Rørt av prinsen!
-
▼
mai
(17)
Om meg
- Tre Kusiner
- Vi er tre kusiner og gode venninner som ynskjer å dela ein felles blogg. Det meste av tida vår går til våre skjønne gull og mannar, nye hus, trengande hagar, inspirerande jobbar og kjekk familie! Vi er heilt vanlige husmødrer som har for lite søvn og kjempar stadig mot klokka! Men vi ville ikkje vore forutan noko, og stortrives i vår travle kvardag!