søndag 28. november 2010
Jule-peparkakeform-poser!
torsdag 11. november 2010
Buggy Barn
Teknikken var ganske enkel, iallefall når nokon hadde prøvd den ut og gav sine gode råd og erfaringar til oss. Mønsteret vart tegna på frysepapir , to stk, vi strauk på eitt på kvar bunke med fargar, deretter vart stoffa delte først i A, B og C deler. Desse delte vi så opp i bitar etter strekane. Bunkane med stoff vart så stokka om. Først bytte vi om "heile stjerna" med den andre bunken, deretter vart så alle bitane stokka om. Til denne stjerna passa det best med 10 stoff av kvar farge.
Vi kunne bruke stoff i 30 cm bredde til dette (dei fleste av mønstrene til Buggy Barn krev større stoff) kvadrata vi starta med var 10 x 10 inch. Etter at alt var sydd saman igjen, kunne vi reinskjære til ei blokk på ca 7,5 x 7,5 inch.
mandag 8. november 2010
Oline syr.....
Dei 2 øverste bilda viser for- og bakside av den eine blokka som vart ferdig på kurset. Denne helga har eg sydd ferdig dei 8 blokkdelane som mangla, desse skal setjast sammen til 2 blokker slik som den som er ferdig.
søndag 19. september 2010
Strikkemodus!
Er i strikkemodus for tida, minst 3 par pulsvaramarar er under arbeid, bilder kjem seinare.
Under litt nettsurfing i dag kom eg over eit teppe, Sock Yarn Blanket av Shelly Kang, som på norsk er kalla Sokketeppe. Laga av ulike restegarn frå ma. sokkar, kikk på Bollans blogg så ser du korleis det ser ut.
Ho har funne ideen på ein utanlandsk blogg, The Heathen Housewife, her finn du alt om mønsteret. Bilda er lånt frå den bloggen også.
Kjempefint teppe synest eg, og fint med bruk av både små og store lappar. Og så får vi brukt opp dei små trånøsta også!!
fredag 14. mai 2010
Bunadskjortepose
søndag 9. mai 2010
Mormors toalettmappe
onsdag 28. april 2010
Ufo-stafetten rusler videre...
onsdag 21. april 2010
"Blomsterløper"
lørdag 3. april 2010
På`n igjen...
Denne løparen begynte eg på då eg gjekk på kurs med Randi Røys, men kom ikkje lenger på kurset, og i heimen var det andre ting å ta fatt på..... så då vart den liggande.
No har eg sydd på ein tjukk dekortrå, oppå den skal eg applikere nokre blomster. Men no er det blitt påskekrimtid og litt sofasitjing, så då blir det vel til at Oline dubbar av igjen....
F-F-F!
Å nei då du,...dette er ikkje forkorting for dei stygge orda som ikkje kan skrivast. For dette er F for Fryd fordi FIFFIG løper er FIKS FERDIG!!
...og mens Oline er i siget, så hiver ho seg no på neste UFO som ligg og ventar. Du verden kor mykje eg kunne ha fått gjort om påskeferien var dobbelt så lang......
torsdag 1. april 2010
Løper er på plass!!
Dette er ingen spøk....
Oline er imponert over seg sjøl akkurat no når det gjeld sying,....verre er det med husmoraktivitetane,... her her fullt av andre kaniner rundt omkring her ser eg, så denne aprilkanina er i godt selskap. Reknar med at stovekaninene mine gøymer seg når sola går ned....
onsdag 31. mars 2010
Midlertidig sylyst???
Abonner på:
Kommentarer (Atom)