[go: up one dir, main page]

Klegg

Storklegg, Tabanus sp.

Av /KF-arkiv ※.

Nærbilde av en storklegg-hunn.

Regnklegg-hann

Foto av regnklegg
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Klegg er ein insektfamilie med kraftige fluger, der hoa syg blod og hannen lever av nektar. Nokre typar klegg kan vera plagsomme for menneske og husdyr, då bitta deira er vonde og kan føra til at huda svulmar opp og får raude utslett, stundom òg allergiske reaksjonar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tabanidae

Det er rundt 4500 kjende kleggartar i verda, frå Noreg er det registrert 45 artar.

Kleggbitt

Klegg syg blod frå menneske og dyr. Bitta er smertefulle og huda kan bli raud og hovne opp. Kleggbitt er som regel ufarleg, men nokre får allergisk reaksjon.

Sidan bitta gjer vondt vil ein vifte bort kleggen, noko som gjer at kleggen raskt vil freiste å bite på ny. Kleggen kan då ha med seg smittsam sjukdom frå ein person til ein annan, eller frå eit dyr til eit anna. I Noreg er det liten sjanse for at klegg fraktar smitte mellom menneske, men det er vanleg at dyr bli smitta på den måten.

Skildring

Klegg høyrer til mellom dei største flugene våre, og kan bli mellom 6 og 30 millimeter lange. Dei er kraftig bygd med store fasettaugo som ofte er sterkt farga i raudt eller metallisk grønt, ofte med tversgåande striper eller flekkar; hjå hannen støyter dei saman i panna. Antennene har seks eller fleire ledd, kor det tredje er størst med dei resterande segmenta som ein gradvis tynnare spiss ytst. Hoene har kraftige munndelar med stikke- og sugesnablar som i nokre tilfelle kan vera dobbelt så lange som kroppen (hjå den afrikanske Philoliche-kleggen). Dei fleste artane har klumpete utvekstar i panna, kalla calli, som kan vera viktige ved artsbestemminga.

Mellomkroppane er kraftig bygd med få større hår, men med mikrohår som ofte kan få dei levande kleggane til å sjå støvete ut. Vengene er anten glasklare eller sota, og har ofte tversgåande band eller tydelege mørke flekkar. Beina har tre tråputer på føtene (tarsi) og sporar på midtre legg (tibia), ofte òg på bakleggen.

Larvene til klegg er sylindriske og har ofte ringforma vorter rundt ledda. Dei er rovdyr med velutvikla mandiblar som er utstyrt med ein giftkanal dei lammar byttet sitt med. Dei er ofte større enn dei vaksne – nokre Tabanus-artar kan bli heile 46 millimeter lange.

Levevis

Dei fleste kleggartane er solskinsdyr, sjølv om regnkleggane i Haematopota kan tåla noko duskregn. Dei sit ofte på blomar, og begge kjønn tek til seg nektar; nokre artar ser òg ut til å kunne vera gode pollinatorar. Ho-klegg av dei fleste artane syg blod, for det meste frå pattedyr, men det finnast òg observasjonar av klegg som har bitt fuglar og krypdyr. Dei lokaliserar passande vertar ut frå storleik, farge, temperatur og lukt, og er tiltrekt både av karbondioksid frå utpust og ammoniakk frå urin. Dei ser ut til å føretrekke einsfarga vertar, helst i mørke fargar. Sidan dei er tiltrekt av store varme objekt som slepp ut karbondioksid kan ein mørkt farga bil på tomgang raskt tiltrekke seg mange kleggar, og dette er difor eit triks kleggforskarar brukar ved innsamling. Kleggane sit vanlegvis på offeret når den syg blod, og landar ofte på eller nær hovudet.

Klegg legg egg i klumpar nær vatn. Larvene lever vanlegvis som rovdyr i vatn eller fuktig jord, og dei går gjennom fire larvestadier før dei forpuppar seg under jorda. Larvene kan leve særs lenge, stundom over fleire år.

Viktige grupper klegg

Storklegg

Artane i slekta storklegg (Tabanus) angrip som oftast store pattedyr. Dei åtte norske artane er våre største kleggar og kan bli opp mot 30 millimeter lange. Dei flyg med ein summande lyd. Ein av dei vanlegaste norske artane er kukleggen. Den er særs stor med gråsvart bryst og ein mørk, vepseliknande bakkropp. Hoa syg blod av hestar og kveg, særleg i nærleiken av skog, men den kan stundom òg stikka menneske.

Regnklegg

Det finnast seks norske artar av regnklegg (Haematopota). Dei er blant dei minste kleggane, og er gråaktige med kvitspetta venger. Som regel stikk hoene deira i duskregn, og dei er kjende som pågåande blodsugarar som summar lågt og blir ofte ikkje lagt merke til før dei stikk.

Blindingar

Blindingane, slekta Chrysops, omfattar sju artar i Noreg som òg er pågåande blodsugarar på menneske. Dei er middelsstore kleggar som er lett attkjennelege på dei mørke tverrbanda i vengene, som ofte vert haldne i trekant over bakkroppen til dyra.

Klegg og folkehelse

Klegg finnast i alle verdsdelar utanom Antarktis, men dei fleste artane lever i tropane. Når det er særs store svermer av klegg ein stad er det ofte umogleg for menneske og husdyr å vera ute om dagen. Stundom kan klegg overføra sjukdommar når dei stikk, mellom anna miltbrann, afrikansk kvegpest og husdyrsjukdommen surrah. I Vest-Afrika kan blindingar bera og overføra rundormen Loa loa, som kan forårsaka infeksjonssjukdommen loiasis hjå menneske og apar. Det finnast òg artar som kan overføra trypanosomar. Klegg som sjukdomsberarar er ikkje eit problem i Nord-Europa.

Folketru

I gamle dagar trudde ein at uroleg klegg varsla om regn.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tabanidae
Artsdatabanken-ID
21045
GBIF-ID
6919

Kommentarar (3)

skreiv Vinicius Souza

bildet av forfatterskapet mitt har en feil i navnet mitt i sitatet, det er bildet med fluen som flyr, grønn bakgrunn, mitt fulle navn er Vinícius Rodrigues de Souza, forkortet til Vinícius R. Souza

svarte Synøve Kamøy

Hei, Vinícius!
Takk for at du gjorde oss oppmerksom på det - det er nå rettet opp i. //Thanks for letting us know - the misspelling has now been corrected.

Vennlig hilsen,
Synøve Kamøy

skreiv Sverre Olav Lundal

Ad klegg og folketru: i dag er det mykje klegg ute etter blod, og det er varsla regn til kvelden...

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg