Deponens er i grammatikken det at eit verb har passiv form – eller medial form – men aktiv betydning, som dei norske verba minnast ‘hugse’ og ferdast, som tyder det same som reise.
Eit verb med passiv eller medial form og aktiv betydning blir kalla deponent.
Deponens finst berre i språk der verbet har morfologiske skilnader i diatese — det vil seie skiljet mellom aktiv og passiv eller mellom aktiv, passiv og medium. Verbale bøyingsformer som uttrykkjer både medium og passiv, kallar vi mediopassive.
Ordet deponens er presens partisipp til det latinske verbet dēpōnere, ‘leggje av’, det vil seie verb som «legg av» den aktive forma.
Kommentarar (2)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
Kva er eigenleg skiljet mellom mediopassive verb og deponente verb? Eg fann ingen eigen artikkel her om mediopassivitet, berre eit par artiklar som nemner tematikken.
svarte Rolf Theil
Mange takk for nyttig merknad! Eg skal sørgje for at det kjem ein artikkel om mediopassiv innan nokre veker.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.