Goj, også skrive goy, tyder 'ikkje-jøde'. Ordet er lånt frå jiddisk גוי goj, fleirtal גוים gojim, som ikkje berre tyder 'ikkje-jøde', men òg kan nyttast nedsetjande om 'jøde som ikkje kjenner jødiske tradisjonar'. Jiddisk har lånt ordet frå hebraisk גּוֹי goj, fleirtal גּוֹיִם gojim, som har ulike tydingar i ulike historiske periodar.
goj
Bibelhebraisk
I bibelhebraisk, det vil seie det hebraiske språket som det meste av Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet) er skriven på, varierer tydinga til גּוֹי goj mellom tydingane 'folk, folkeslag' og 'folk, folkeslag andre enn hebrearane'.
Den første tydinga, 'folk, folkeslag' heilt generelt, finn ein i 1. Mosebok 12,2, der Herren seier til Abraham: «Eg vil gjera deg til eit stort folk.» Det folket som her er nemnt, er etterkomarane av Abraham.
Den andre tydinga, 'folk, folkeslag andre enn hebrearane', finn ein i Salmane 9,16: «Folka fell i den grava dei grov, føtene blir fanga i garnet dei sjølve spente ut.» Dette er nynorskomsetjinga frå 2024. I bokmålsomsetjinga frå 2024 står det: «Folkene faller i graven de gravde, føttene fanges i garnet de selv spente ut.»
Goj i norske bibelomsetjingar
I eldre bibelomsetjingar til norsk er גּוֹי goj sett om med folk når det tyder 'folk, folkeslag' generelt og heidning(bokmål hedning) når det tyder 'folk, folkeslag andre enn hebrearane'. I den nynorske omsetjinga frå 1938 er Salmane 9,16 sett om slik: «Heidningane er sokne i den gravi dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.» I bokmålsomsetjinga frå 1930 står det: «Hedningene er sunket i den grav de gravde; deres fot er fanget i det garn de skjulte.»
Hebraisk kring Kristi fødsel
Det nye testamentet er skrive på gresk, men det greske ordet ἔθνος éthnos, fleirtal ἔθνη éthnē, er nytta som ei omsetjing av det hebraiske גּוֹי goj, med den same doble tydinga. I Paulus' første brev til korintarane 12,2 er tydinga 'folk, folkeslag andre enn hebrearane' illustrert: «De veit at då de levde som folkeslaga gjer, vart de viljelaust dregne med til dei stumme avgudane.» Her er folkeslaga ei omsetjing av gresk ἔθνη éthnē.
I Septuaginta er ἔθνος éthnos nytta som omsetjing av det hebraiske גּוֹי goj.
ἔθνος éthnos i norske bibelomsetjingar
I eldre norske bibelomsetjingar er fleirtalsforma ἔθνη éthnē i Paulus' første brev til korintarane 12,2 sett om med heidningar/hedninger. I nynorskomsetjinga frå 1938 står det: «De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudane, etter som de vart dregne.» I bokmålsutgåva frå 1930 står det: «I vet at dengang da I var hedninger, lot I eder drage til de stumme avguder, alt efter som I blev draget.»
Talmudisk hebraisk
I den babylonske Talmud, redigert i Babylonia (dagens Irak) fram til slutten av 500-tallet evt., blir גוי goj ikkje berre brukt i den kollektive tydinga 'jødisk/ikkje-jødisk folkeslag' (ei gruppe med individ), men også om enkeltindivid, det vil seie ein enkelt 'ikkje-jøde'.
I talmudisk hebraisk finst òg hokjønnsforma גּוֹיַה goja, fleirtal גּוֹיוֹת gojot 'ikkje-jødisk kvinne'.
Moderne hebraisk
I moderne hebraisk, det vil seie det hebraiske språket i den moderne staten Israel, tyder גוי goj om lag det same som på talmudisk hebraisk, nærmare bestemt 'ikkje-jøde' og 'ikkje-religiøs jøde', men også 'nasjon'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.