Rollag er ein kommune i Buskerud fylke, og omfattar den sentrale delen av Numedal, frå Fossan i sør til Vergja bru i nord, og dessutan skog- og fjelltraktene på begge sider. Rollag grensar i vest til Tinn i Telemark fylke, i nord til Nore og Uvdal, i aust til Sigdal og i sør til Flesberg.
Rollag vart oppretta som kommune i 1838 ved innføringa av det kommunale sjølvstyret gjennom formannskapslovane i 1837. Då omfatta kommunen, i tillegg til dagens kommune, også Nore og Uvdal og Dagali. Dei noverande grensene sine fekk Rollag i 1858, då Nore og Uvdal (inkludert Dagali) vart skilt ut frå kommunen.
Rollag er venskapskommune med Jockis i Finland.
Kommentarar (5)
skreiv Nils Gundersen
Heisann! Dere har to bilder av hus fra Rollag bygdetun, og det ene har billedtekst som sier at det viser Alstadloftet (som ikke ligger her).
Vennlig hilsen
Nils Gundersen
svarte Per Roger Lauritzen
Hei. Takk for innspillet. Da har vi rettet dette og leter etter et bilde av Alstadloftet som vi kan sette inn isteden. Mvh Per Roger Lauritzen
svarte Per Roger Lauritzen
Hei. Takk for innspillet. Da har vi rettet dette og leter etter et bilde av Alstadloftet som vi kan sette inn isteden. Mvh Per Roger Lauritzen
svarte Nils Gundersen
Det var jo imponerende kjapt levert, Per Roger! Hilsen din gamle forlagskontakt, Nils
svarte Per Roger Lauritzen
Hei igjen.
Det er deg ja, var ikke helt sikker. Takk selv, godt med våkne lesere.
Per Roger
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.