[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Peter Olai Sanstøl
Peter Olai Pete Sanstøl
Fødd
23. mars 1905, Moi (nå Lund), Rogaland
Død
13. mars 1982, San Pedro, California, USA
Virke
Bokser
Familie

Foreldre: Landhandler Jonas Sandstøl (f. 1864) og Elen Dorthea Nilsdatter (f. 1860).

Ugift.

Peter Sanstøl fotografert i New York 1931. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Peter Pete Sanstøl
Av /NTB ※.

Peter Olai Sanstøl var ein norsk boksar som av mange blir rekna som den fremste norske boksaren gjennom tidene. Sanstøl representerte Oslo Turnforening.

Sanstøl vann NM i bantamvekt i 1925. Sanstøl vart profesjonell frå 1926 og boksa frå 1927 i USA, der han vart amerikansk statsborgar i 1943.

I 1931 tapte Sanstøl ein kamp om VM-tittelen i bantamvekt på poeng mot Al Brown frå Panama etter at boksekommisjonen i Montreal i Canada tidlegare same år hadde erklært han for verdsmeister etter siger mot amerikanaren Archie Bell.

Sanstøl overvann Brown i ein returkamp på Bislett i 1935 (ikkje VM-kamp). I alt hadde Sanstøl 112 kampar i karrieren frå 1926 til 1942, derav 96 sigrar.

Bakgrunn

Sanstøl var rogalending, fødd i Moi i 1905. Han kom som ganske ung til hovudstaden og vart medlem av Kristiania Turnforening, der han straks vekte oppsikt i boksemiljøet. Allereie som 19-åring vann han oppgjeret sitt i ein landskamp mot Danmark, og året etter vart han norsk meister, i begge tilhøve i bantamklassa. Etter denne korte karriera følte han seg dyktig nok til å ta ferda til USA for å kjempe profesjonelt, men før han for, tok han med seg ein proffkamp i Oslo og seks matchar i Paris. I USA ble først og fremst Brooklyn i New York hans hovedbase. Der boksa han i alt 48 kampar og leid berre eitt einaste eneste nederlag.

Proffboksar

Tidsskriftet Idrettsliv rapporterer fra USA og en av Sanstøls kamper i desember 1927.
Faksimile av Idrettsliv
Nasjonalbiblioteket.

2. mai 1926 proff-debuterte Peter Sanstøl i Cirkus i Oslo mot Joe Gallard, ein kort match der nordmannen vann på knockout i første runde. Det er vanskeleg å vurdere kor dyktige Sanstøls motstandarar var i denne første perioden av karriera hans, men det kan i hvert fall slåast fast at han vann 22 av dei 23 første kampane. Det eine nederlaget kom ved en diskvalifisering. Etter to uavgjorte kampar i byrjinga av 1928 fortsatte seiersrekka, og først i kamp nummer 67 – 4,5 år etter proff-debuten – leid han poengnederlag for Joey Scalfaro i ein kamp i New York 3. oktober 1930. 25. august 1931 fekk han så tittelkampen mot Al Brown, som enda med at Sanstøl tapte på poeng etter 15 runder.

Dei to påfølgenda sesongane boksa Sanstøl med vekslande hell, og i 1934 utkjempa han éin eineste kamp, for øvrig i Oslo. Den siste kampen i 1935 var ein revansjematch på Bislett i Oslo mot Al Brown, eit oppgjer som Sanstøl vant, men som neppe vart tatt heilt alvorleg av ekspertane og som framfor alt var totalt uten tittelpreg. Men det kom 17 000 tilskuarar — det høgaste tilskuertal på boksekamp i Noreg. Etter fem matchar i 1935 slo han seg til ro inntil han i 1942 vann to poengsigarar i Miami. Da var han godt over 37 år, men vann ein kamp over 10 runder.

Til Noreg og tilbake til USA

Av dei 111 kampanae sine vann Peter Sanstøl 99, tapte seks og boksa uavgjort i seks. Han kom endatil gjennom det store talet kampar uten eit eineste knockout-nederlag. Han vart heile tida følgt av eit entusiastisk publikum i Noreg, og dei norske avisene hadde alltid fyldige referat frå Sanstøls viktigste oppgjer.

Etter at Sanstøl forlet Noreg i midten av 1920-åra, kom han berre sporadisk tilbake. Etter andre verdskrig hadde han eit noko lengre opphald i Oslo, da han mellom anna arbeidde med ein instruksjonsbok i boksing. Han fann seg imidlertid aldri heilt til rette og reiste forholdsvis snart tilbake til USA igjen. Våren 1982 døde han i California, 77 år gammel.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Per Jorsett: Norsk biografisk leksikon 2
  • R. Bryhn og K. A. Tvedt (red.): Kunnskapsforlagets idrettsleksikon, 1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg