Lyngdal er ein kommune i Agder fylke. Kommunen omfattar kysten mellom Grønsfjorden/Lenefjorden i aust og Åptafjorden i vest, landet på begge sider av Lyngdalsfjorden sin indre del og dalføret rundt Lygna innanfor, til litt nord for Birkeland, i tillegg til heiane omkring. Kommunen omfattar òg tidlegare Audnedal kommune i nordaust, det vil seie øvre del av Audnedalen med elva Audna, og dessutan bygda Sveindal i Mandalen, begge med heiane omkring. Lyngdal grensar til Hægebostad i nordvest, Åseral i nord, Evje og Hornnes i nordaust, Lindesnes i aust og søraust og Farsund og Kvinesdal i vest. Kommunestyret vedtok i 2002 at tettstaden Lyngdal kan bruke nemninga by.
Lyngdal vart oppretta som kommune i 1838 som ledd i innføringa av det lokale sjølvstyret gjennom formannskapslovene i 1837. Kvås og Austad vart i 1908 skilde ut som eigne kommunar. I 1963 vart Lyngdal slegen saman med Kvås og Austad igjen og fekk samstundes lagt til Gitlevåg-området, frå dåverande Spangereid kommune. Dei noverande grensene sine fekk Lyngdal i 2020, då kommunen vart slegen saman med Audnedal som del av den landsomfattande kommunereforma.
Lyngdal er vennskapskommune med Sæby i Danmark, Tranås i Sverige og Urjala i Finland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.