[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Lars Moen

Lars Magnus Moen

Fødd
29. november 1885, Lesja, Innlandet
Død
22. april 1964, Dovre, Innlandet
Virke
Skreddar og politikar
Familie

Foreldre: Husmann Tore Ingebrigtson Moen (1859–1944) og Marie Larsdotter Dale (1862–1903).

Gift i 1911 med Kirstine Diseth (1878–1948), dotter til korporal Tollef Diseth (1851–1929) og Anne Engebretsdotter Thingstad (1853–1879).

Lars Moen var statsråd etter den andre verdskrigen og fekk stor innverknad på kultur- og skulepolitikken.
Av /Stortingsarkivet.

Lars Moen var ein norsk skreddar og arbeidarpartipolitikar frå Oppland (Innlandet). Han var fast stortingsrepresentant frå 1928 og sat samanhengande på Stortinget i 30 år. Moen var kyrkje- og undervisningsminister i perioden 1948–1953.

Moen medverka til utforminga av Arbeidarpartiet sin skule- og kulturpolitikk i åra rett etter andre verdskrigen. Han fekk oppretta fleire sentrale kulturinstitusjonar, mellom anna Riksteatret, og han la fram dei første forslaga om niårig skule.

Ei byste av Lars Moen står på Dombås og blei laga av Nils Aas i 1977.

Bakgrunn

Lars Moen var fødd i Lesja i Gudbrandsdalen. Han gjekk i skreddarlære på Lillehammer, og det var truleg her han først møtte den unge arbeidarrørsla som hadde kome dit i samband med utbygginga av jernbanen. Etter ei tid i Elverum etablerte han seg som skreddar på Dombås i 1911, og der vart han buande resten av livet.

Politisk karriere

Lars Moen var sentral i utviklinga av arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen. Frå 1920 var han med i Dovre kommunestyre og sat samanhengande fram til 1941 (med unnatak av perioden 1926–1928). Moen var med i formannskapet frå 1923 og var varaordførar i 1938. Han var i ei årrekkje medlem av Dovre skulestyre, og i 1937 kom han inn i Oppland fylkesskulestyre og var formann frå 1939.

I perioden 1932–1948 var han formann for Gudbrandsdal Arbeidarparti. I åra 1928–1957 representerte han Oppland på Stortinget og var kyrkje- og undervisningsminister under to statsministrar (Einar Gerhardsen og Oscar Torp) i 1948–1953.

Saker

Gjennom heile si politiske gjerning var Lars Moen engasjert i kultur- og skulespørsmål. Som stortingsrepresentant sat han i kyrkje- og undervisningskomiteen, og han var i ein periode formann. Dessutan var han med i fleire kommisjonar som arbeidde med skulespørsmål.

Som kyrkje- og undervisningsminister gjorde Lars Moen ein viktig innsats for å spreie kulturgode til bygdene som tidlegare berre byane hadde nytt godt av. I hans statsrådstid vart institusjonar som Riksteatret (1949), Riksgalleriet (1952) og Norsk Bygdekino (1950) etablerte. Andre viktige kultur- og forskingsinstitusjonar vart skipa i denne perioden, mellom anna Norsk Språknemnd (1952), Universitetet i Bergen (1948), Norges allmennvitenskapelige forskningsråd (1949) og Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd (1949).

Moen medverka til å stake ut skulepolitikken til Arbeidarpartiet, som etter kvart tok form av den niårige einskapsskulen. Det var den viktigaste utdanningspolitiske reforma dei første tjue åra etter krigen.

Lars Moen var oppteken av målsaka og var sjølv nynorskbrukar, og han gjekk inn for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Han engasjerte seg òg sterkt i fråhaldsrørsla.

Seinare år

I 1953 vart Lars Moen ramma av slag, noko som gjorde at han måtte trekke seg attende frå regjeringa. Han heldt likevel fram med stortingsarbeidet heilt fram til 1957. I tillegg til dette hadde han denne tida også fleire andre viktige tillitsverv.

Motstandskamp og forfattarskap

På grunn av illegalt arbeid under krigen vart Moen arrestert og send til Grini og Sachsenhausen. Under fangenskapet skreiv han dikt, utgitt i diktsamlinga Dikt frå Sachsenhausen i 1945.

Utgjevingar

  • Dikt fra Sachsenhausen (saman med Olav Dalgard, Carl J. Jakhelln og Bjarne Aanesen) (1945).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Engen, Arnfinn: Lars Magnus Moen i Norsk biografisk leksikon.
  • Bakke, Marit (2005): Kultur som kollektivt gode: velferdspolitikk og distriktshensyn i kulturpolitikken fra 1920-årene til i dag. H. F. Dahl og T. Helseth, Oslo.
  • Bergh, Trond (1987): Arbeiderbevegelsens historie i Norge, bind 5: Storhetstid (1945–1965). Universitetsforlaget, Oslo.
  • Haugen, Einar (1969): Riksspråk og folkemål: norsk språkpolitikk i det 20. århundre. Universitetsforlaget, Oslo.
  • Hoel, Oddmund (1992): «Vegen fram mot språkfredsnemnda. Noko om den målpolitiske kursendringa til Arbeidarpartiet 1945–1964», Dragen nr. 1/1992.
  • Nordby, Trond (red.) (1985): Storting og regjering 1945–1985: Biografier. Universitetsforlaget, Oslo.
  • Selnes, Kåre (1957): «Moen, Lars Magnus», Norsk Allkunnebok, bind 8. Fonna Forlag, Oslo.
  • Sirevåg, Tønnes (1981): Katedral og karusell: streiflys på skole og politikk i krig og fred. NKS-forlaget, Oslo.

Faktaboks

Lars Moen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036425000287

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg