Huangelva har kjeldene sine i Bayanhar-fjella (Bayan Har Shan) i Qinghai. Elva renn gjennom ni provinsar og sjølvstyrte regionar før ho munnar ut i Bohaibukta.
Elveløpet kan delast i tre: Øvre løp, som går i fjellandskap; midtre løp, som går gjennom eit løssplatå; og nedre løp, som går over Den nordkinesiske sletta.
Frå kjelda renn Huangelva søraustover gjennom Qinghai og på grensa mot Sichuan før ho svingar nordvestover att inn i Qinghai. Deretter snur ho austover og renn inn i Gansu der ho tek ein lang sving mot nord gjennom Ningxia, inn i Indre Mongolia og rundt Ordos-platået. Så snur ho på nytt sørover gjennom tronge kløfter til ho møter Wei-elva. Då bøyer ho av mot aust og renn ut på Den nordkinesiske sletta. På veg over sletta passerer ho nord for byane Luoyang, Zhengzhou, Kaifeng og Jinan, før ho renn ut i Gulehavet ved Bohaibukta.
Huangelva sitt øvre løp går i den austre delen av det tibetanske platået der ho passerer to store innsjøar. Det midtre løpet går over det store løssplatået i det sentrale Nord-Kina, og det er slam herifrå som gjev elva den gule fargen.
Etter å ha passert løssplatået, flyt Huangelva ut på slettelandskapet. Der vert mykje av slammet liggande att, og menneska langs elva har bygd stadig høgare dike for å halde elva i sjakk. Dette har gjort at elveløpet nokre stader ligg fleire meter høgare enn landskapet omkring. Dika har utsett mange overfløymingar, men ikkje forhindra dei, og når dika til slutt brast, vart flaumane desto større.
Slammet som Huangelva legg att, har bidradd til at elva sitt nedre løp og utløp har flytta seg mange gongar gjennom millennia. Andre gongar har menneskeleg aktivitet påverka elveløpet. I tusenåret før starten på vår tidsrekning rann elva ut i området der byen Tianjin ligg i dag. Etter dét endra ho løp fleire gongar og utløpet flytta seg rundt i Bohai-bukta. Så, på 1120-talet, sprengde Song-dynastiet sin hær nokre diker med det resultat at Huangelva dei neste åra endra kurs dramatisk. Utløpet flytta seg nær 600 kilometer sørover, til sørsida av Shandong-halvøya. Der vart utløpet verande til midten av 1850-talet, då ein kombinasjon av naturlege og menneskeskapte faktorar gjorde at utløpet på nytt flytta seg nord for Shandong, om lag dit det ligg no. Deltaet endrar seg likevel stadig, ettersom elva byggjer opp slam og havet eroderer det vekk.
Fleire av endringane i Huangelva sitt løp og utløp har vore forårsaka av menneskeleg aktivitet, anten med hensikt – til dømes for å stogge ein framrykkande hær, eller utilsikta – som når forsøk på å regulere elva hadde uføresette konsekvensar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.