[go: up one dir, main page]

Elva Skirva kjem frå fjelltraktene mellom Tinn og Nore, og renn ut i Tinnsjå. Gjennom Hovin skjer ho seg djupt ned i ein trong dal. Gardane ligg høgare oppe i lia.
Av /Anno Norsk skogmuseum.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Hovin er eit sokn i Tinn kommune i Telemark, på austsida av Tinnsjå.

Faktaboks

Etymologi
Av norrønt hof, ‘hov’, og vin, ‘eng’.

Det meste av busetjinga finn ein i den tronge dalen som elva Skirva dannar, eit stykke oppe i lia. Hovin kyrkje er ei lafta langkyrkje, bygd i 1850. Fylkesveg 364 går gjennom dalen nordover mot Rjukan og sørover mot Notodden. Store delar av dei bratte og vestvendte liene over Tinnsjå er verna som naturreservat på grunn av sitt rike artsmangfald. I aust når Hovin sokn opp i Blefjell.

Hovin var tidlegare ein eigen kommune, oppretta i 1886 ved utskiljing av Hovin sokn frå Gransherad. Soknet blei i 1860 skilt ut frå Tinn og utgjorde i 1860–1885 Gransherad kommune saman med Gransherad sokn frå Hjartdal kommune.

Hovin kommune blei delt i 1964. Området aust for Tinnsjå blei overført til Tinn, mens Rudsgrend og Busnesgrend på vestsida av sjøen blei innlemma i Notodden.

Kart

Hovin
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Sauro, Herbjørn K. m.fl.: Hovin-soga, 1987, isbn 82-991392-0-1.
  • Hovin-soga: historie og kultur, 2011.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg