[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Hólar
Uttale

hoular

Domkyrkja på Hólar med skolehuset bak.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Hólar er ein kyrkjestad og universitet på Island, i Hjaltadal i Skagafjörður.

I åra 1106-1798 var Hólar bispesete og den eigentlege hovudstaden på Nord-Island. Den første biskopen på Hólar var Jon Ogmundsson. Frå danninga av den norske kyrkjeprovinsen i 1152 og fram til reformasjonen låg Hólar under erkebispesetet i Nidaros.

Ein gong i mellomalderen vart det reist ei stavkyrkje på Hólar. Kyrkjene på Hólar og Skálholt er dei største stavkyrkjene ein kjenner til, om lag dobbelt så lange som Heddal stavkyrkje. Den nåverande domkyrkja på Hólar vart ferdig i 1765 og er blant landets eldste byggverk. I 1801 la dei danske kyrkjestyresmaktene formelt ned Hólar stift og la heile Island inn under biskopen i Reykjavík.

På Hólar var det lærd skole og boktrykkeri frå 1553 til 1801. Trykkeriet var Islands første boktrykkeri og vart grunnlagt av Jón Arason, den siste katolske biskopen i landet. Hólar har hatt landbruksskole sidan 1882. Háskólinn á Hólum (Universitetet i Hólar) tilbyr i dag studium i landbruks- og fiskerifag og reiselivsfag.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg