Kaland er ein tettstad i Austrheim kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 467 innbyggjarar (2025).
Kaland ligg nær vestspissen av Lindåshalvøya. Her ligg Fonnes gard som i si tid var setegard under Hovland og vart kalla Akselgard.
Delar av industriområdet Mongstad ligg på Kaland og Litlås, med ei rekkje servicebedrifter for verkstadsindustrien. Fylkesveg 565 går gjennom Kaland med avkjøring mot Leirvågen på fylkesveg 57 der det går ferge over Fensfjorden til Sløvågen i Gulen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.