Romanen Liv etter liv frå 2013 (Life after life; norsk omsetjing 2015) er eit hovudverk i Atkinsons forteljekunst. Romanen er krevjande, men samtidig medrivande og underhaldande. Den er strukturert rundt hovudpersonen Ursula Todd, som blir fødd 11. februar 1910 i ein britisk middelklassefamilie i Buckinghamshire. Det spesielle med Ursula er at ho mister livet gong etter gong – ho har liv etter liv, og kvart liv gjer det samla, overgripande livet (som dekkjer fleire liv) meir komplekst og uutgrunneleg.
Forteljingane om Ursula fletter seg inn i kvarandre og utfyller kvarandre, samtidig som dei også utfordrar kvarandre. Eit avgjerande forteljegrep er variantar av repetisjon og kombinasjonar av ulike tidsplan. Atkinson skriv fram ein slags krønike over store delar av det 20. hundreåret, med den andre verdskrigen i sentrum. Etter å ha fått endå eit nytt liv arbeider Ursula i 1940 for The War Office i London, og under blitz-krigen blir ho vitne til at ei bombe frå eit tysk fly treff eit tilfluktsrom i Argyll Road. Men ho har også eit liv der ho gifter seg med ein tyskar i 1934 og opplever krigen i Berlin, med bombing frå britiske fly.
Romanen dramatiserer element av kontrafaktisk historie: Korleis ville historia ha utvikla seg dersom det eller det ikkje hadde hendt, eller hendt på ein annan måte og med andre konsekvensar? Med sine mange liv går Ursula inn og ut av ulike hendingar og prosessar som eit historisk menneske ikkje ville overlevd. Slik er Ursula ein konstruert, litterær figur, men samtidig framstår ho gjennom ei særeigen form for magisk realisme som nesten smerteleg verkeleg.
Liv etter liv stiller ei rekke spørsmål, ikkje minst etiske, som romanen inviterer lesaren til å reflektere over. Med den andre verdskrigen som omdreiingspunkt framstiller Atkinson europeisk historie som dramatisk og brutal, med Ursula som ein ekstraordinær, grensesprengande hovudperson. Ursula representerer på fleire måtar ei positiv motvekt til destruktive krefter i historia, for eksempel ved å oppleve bombinga av London og Berlin frå ulike perspektiv. Om evna hennar til å leve fleire liv vil føre til ei fredelegare og kanskje meir human verd, er likevel usikkert.
Atkinson mottok ei rekke litterære prisar for Liv etter liv, mellom anna Costa Books Awards, Bayleys Women's Prize for Fiction og Walter Scott Prize. I 2019 rangerte avisa The Guardian boka som den beste romanen utgitt i Storbritannia etter 2000.
I 2015 utgav Atkinson ein andre roman om Todd-familien, A God in Ruins.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.