[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Uttale

flora

Etymologi
norrønt flóðr eller flór, ‘strøm’ eller ‘gjennomstrømning’
Også kjend som

Flore, Flora

Innbyggjartal
9 071 (2024)
Landareal
6,8 km²
Tettstadsnummer
5501 Florø

Kart over Florø. 1) Rådhus. 2) Florø kirke. 3) Florø kulturhus. 4) Busstasjon. 5) Idrettshall. 6) Westcon Yards.

Av /KF-arkiv ※.

Florø. Utsikt over tettstedet Florø. I forgrunnen havnen og den bymessige bebyggelsen. Midt i bildet Storevatnet, i bakgrunnen Solheimsfjorden.

Av /NTB ※.

Florø er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 6,8 km², og har 9015 innbyggjarar (2023).

Florø er Noregs vestlegaste by. Florø var fram til 2020 administrasjonssenter i dåverande Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er no administrasjonssenter i Kinn saman med Måløy.

Historikk

Tettstaden var eigen ladestad frå 1860 til 1964. Florø ligg på øya Florelandet, ytst mellom Botnafjorden og Solheimsfjorden. I dag blir òg vestdelen av Brandsøy rekna som ein del av tettstaden Florø. Ladestaden vart opprinneleg oppretta på grunn av det rike sildefisket.

Næringsliv

Florø er ein industri- og administrasjonsstad. Industrien er dominert av verftsindustri (Westcon Yards), fiskeindustri med mellom anna oppdrett og eksport av laks, eksport av sild og makrell, fiskefôrfabrikk og fiskeforedlingsfabrikk. Elles er det oljerelatert industri knytta til oljebasen Fjord Base. Florø hamn er godt utbygd og har mellom anna svært stor kapasitet for frysekonteinarar.

Offentlege etatar

Florø.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

I tillegg til kommuneadministrasjonen er det sjukehus, vidaregåande skule, skipskontroll for Det Norske Veritas og politi. Florø lufthamn opna i 1971. Flyplassen har eigen helikopterbase for trafikk til plattformar i Nordsjøen.

Florø Radio, som tidlegere var ein av dei største på Vestlandet, vart lagt ned 1. januar 2018. Kystmuseet i Sogn og Fjordane opna i 1985.

Namn

Namnet kjem av norrønt flóðr eller flór, ‘straum’ eller ‘gjennomstrøyming’.

Kart

Kart over Florø.
Florø
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hole, E. M. (1935). Florø gjennem 75 år. En utsikt over byens historie 1860–1935
  • Thingnæs, Magnus (red.) (1960). Florø : Norges vestligste by : 100 år, utgitt av Hovedkomiteen for bymiljøet

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg