[go: up one dir, main page]

Faktaboks

E. M. Forster
Edward Morgan Forster
Uttale

få:stə

Fødd
1. januar 1879, Marylebone, London, Storbritannia
Død
7. juni 1970, Coventry, Storbritannia

E. M. Forster. Foto fra 1962.

Av /NTB ※.
E. M. Forster malt i 1911 av Roger Fry, som var med i Bloomsburygruppa saman med Forster.
maleri av E. M. Forster
Av .
Forsters roman Et rom med utsikt blei filmatisert av James Ivory i 1986. Helena Bonham Carter og Julian Sands spelte Lucy og George.
plakat for filmen «A Room with a View»
Av .
Den siste romanen til E. M. Forster,En reise til India, kom ut på norsk i 1959. Den var omsett av Peter Magnus.
forsiden til romanen «En reise til India»
Av .

E. M. Forster var ein av dei mest sentrale britiske forfattarane tidleg på 1900-talet. Howards End (1910) er eit av hovudverka, og En reise til India (1924) blir rekna for den viktigaste romanen hans.

Biografi

E. M. Forster vart fødd i London og vaks opp i Kent i søraust-England. Han arva tidleg i livet ein stor pengesum, noko som gjorde han økonomisk uavhengig og gjorde det lettare for han å bli forfattar.

Som student ved King's College, University of Cambridge i 1897–1901 blei Forster medlem av gruppa «Apostles», som var knytt til Christian Science Church. Mange av medlemmene, som møttest for å diskutere filosofiske, etiske og estetiske spørsmål, var seinare med å danne Bloomsburygruppa, der blant andre Virginia Woolf, Vanessa Bell og Roger Fry deltok.

I 1903 var Forster i Sør-Europa for å studere den klassiske arven i Hellas og Italia. I 1912–1913 oppheldt han seg i India. Då første verdskrigen braut ut i 1914, nekta Forster av samvitsgrunnar å delta som soldat. I staden tenestegjorde han for britiske Røde Kors i Alexandria i Egypt. Han reiste tilbake til India i 1921–1922.

I åra før andre verdskrigen laga Forster mange innslag for BBC radio. Under krigen melde han bøker for BBC i samarbeid med George Orwell. I 1946 blei Forster vald til «honorary fellow» ved King's College, Cambridge, der han for det meste budde siste delen av livet. Han avslo eit tilbod om å bli adla i 1949, men blei tildelt The Order of Merit i 1969.

Forfattarskap

Forsters første roman, Where Angels Fear to Tread (1905), handlar om enka Lilia Herriton, som på ei reise til Italia forelskar seg i den pene og mykje yngre italienske mannen Gino. Trass i intens motstand frå familien sin gifter Lilia seg med Gino. Komplikasjonane dette skaper, framstiller Forster med vidd, distanse og psykologisk innsikt.

To år seinare publiserte Forster The Longest Journey. Den samansette handlinga i denne romanen kretsar rundt Rickie Elliott, som er lam i eine foten og derfor blir mobba av skulekameratane. Elliott studerer seinare ved universitetet i Cambridge og prøver å etablere seg som forfattar, og etter diverse forviklingar gifter han seg med Agnes Pembroke. Romanen er kvalitativt ujamn, men Forsters skarpe personkarakterisering får godt fram kor brutale elevar – og implisitt alle menneske – kan vere i måten dei behandlar andre på.

Et rom med utsikt

Forster tok til med romanen Et rom med utsikt (A Room with a View) alt i 1901, men den kom ut først i 1908. Boka er ein romanse som med vidd og humor fortel om hovudpersonen Lucy Honeychurch og personane ho møter på ei reise til Italia. Frå eit pensjonat i Firenze, der den unge og velståande Lucy og den eldre, overbeskyttande kusina Charlotte Bartlett etter forviklingar får tildelt eit rom med utsikt, går turen vidare til Roma. I Firenze blir Lucy kjend med den sympatiske George; i Roma blir ho fridd til av den snobbete Cecil. Klassemotsetnader og klassekritikk står sentralt i romanen. Medan Forster er tydeleg kritisk til haldningane og verdiane i den britiske overklassen og middelklassen, som blant andre Cecil og Charlotte representerer, er han meir sympatisk innstilt til Lucys interesse for italiensk kultur og historie.

Romanen er blitt filmatisert fleire gonger. Den mest kjende adaptasjonen er James Ivorys Et rom med utsikt (1985), med Helena Bonham Carter som Lucy og Maggie Smith som Charlotte.

Howards End

Howards End (1910) er ein kompleks roman om sosiale kodar og konvensjonar i Storbritannia i tida like før første verdskrigen. Det er også ein roman om familierelasjonar og -spenningar, om klasse og klasseforskjellar, og om kjønn og kjønnsidentitet.

Handlinga roterer rundt tre familiar med tilknyting til huset Howards End, som familien Wilcox eig. Formuen til denne rike og konvensjonelle familien kjem frå dei britiske koloniane. Den andre familien er søstrene Schlegel (Margaret, Helen og Tibby) som er halvt tyske, halvt britiske. Kulturinteressene deira liknar på og knyter an til Bloomsburygruppa, som Forster var medlem av. Det unge paret Basts frå arbeidarklassen utgjer den tredje familien.

Forsters meisterskap i romanen viser seg i måten han knyter desse tre familiane saman på og avdekkjer både tilknytingspunkt og spenningar mellom dei. Margaret blir veninne med Ruth Wilcox, matriarken i Wilcox-familien. På dødsleiet skriv Ruth eit brev der ho gir Howards End til Margaret, men mannen Henry og barna brenn brevet for å hindre at Ruth får viljen sin. Komplikasjonane og konfliktane som følgjer, avdekkjer ulike ulike verdiar, haldningar og prioriteringar i alle tre familiane. Samtidig som desse spenningane karakteriserer og representerer klasseforskjellar og kulturelle forskjellar, nyanserer Forster desse forskjellane. Til og med Henry, som forteljaren er kritisk til, blir meir positivt framstilt mot slutten av romanen. I fiktiv form gir Forster ein inngåande analyse av viktige trekk ved det britiske samfunnet tidleg på 1900-talet.

Howards End var Forsters definitive gjenombrot som skjønnlitterær forfattar. Romanen vidarefører element i den realistiske romanen, men sjølv om den ikkje er så modernistisk som romanar av Virginia Woolf og James Joyce, har den modernistiske trekk. Dette viser seg blant anna i funksjonen som huset Howards End har. Dette huset, som var inspirert av Forsters barndomsheim, blir eit symbol for mostridande krefter og tendensar, både i dei tre familiane og i det britiske samfunnet. Som symbol knyter Howards End an til epigrafen i romanen, «Only connect». Det viser kor avgjerande, men samtidig kompliserte og utfordrande, mellommenneskelege relasjonar er.

Romanen blei filmatisert i 1992 av James Ivory, med Emma Thompson, Anthony Hopkins, Helena Bonham Carter og Vanessa Redgrave i hovudrollene. Filmen fekk ei rekke prisar; blant anna mottok Emma Thompson ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.

En reise til India

Tittelen til den siste romanen han skreiv, En reise til India (A Passage to India), henta Forster frå Walt Whitmans dikt «Passage to India» i diktsamlinga Leaves of Grass (1855). Som i Howards End undersøkjer Forster også i En reise til India (1924) sosiale spenningar og kjønnsforskjellar. Men i denne romanen plasserer han desse spenningane og relasjonane i ein kolonial kontekst som set han i stand til å analysere forholdet mellom Storbritannia som imperium og India som kolonisert kontinent. Filmen blei filmatisert av David Lean i 1984.

Maurice

James Whilby og Hugh Grant spelte Maurice og Clive i James Ivory si filmatisering av Maurice frå 1987.
plakat for filmen «Maurice»
Av .

Maurice blei publisert i 1971, året etter at Forster døydde, men han hadde skrive romanen over 50 år tidlegare. Grunnen til at den blei utgitt posthumt, var at Forster her skildrar kjærleiksforhold mellom homofile menn i Storbritannia tidleg på 1900-talet, då slike forhold var ulovlege og temaet homoseksualitet var tabubelagt. Litteraturforskarar diskuterer kor sterkt og på kva måte Forsters homofile legning påverkar romanen, men uansett framstiller han hovudpersonen Maurice Hall på ein måte som viser at livet hans blir prega av hans homofile identitet.

Som student ved Cambridge University blir Maurice kjend med medstudenten Clive Durham, som introduserer han til Platons Symposion. Dei to startar eit romantisk, men platonisk forhold som varer til dei er ferdige med studiane. Etter ein sjukdomsperiode avsluttar Clive, som no påstår at han er heterofil og gifter seg med ei kvinne, forholdet sitt til Maurice. Dei to held likevel kontakten, og på eigedomen til den velståande Clive møter Maurice Alec, som tilhøyrer arbeidarklassen, og som Maurice blir tiltrekt av. Dei to blir elskarar, men Maurice opplever forholdet som komplisert og tar hypnose for om muleg å bli «kurert», noko han ikkje blir.

Med psykologisk innsikt viser Forster korleis Maurice blir tiltrekt av både Clive og Alec, samtidig som han har ulike motforestillingar til begge forholda. Slutten på romanen er på eitt nivå lykkeleg, sidan Maurice og Alec bestemmer seg for å dele livet med kvarandre. Clive forstår ikkje Maurices val, og Forster impliserer at Clive er ulykkeleg gift.

Originalmanuskripta til romanen inneheld ein epilog som innheld eit møte mellom Maurice og søstera Kitty nokre år seinare. Kitty tar avstand frå bror sin, som bryt kontakten med henne.

Resepsjonen av Maurice i 1971 var blanda og til dels negativ. Ein filmversjon med tittelen Maurice (1987) er regissert av James Ivory, med James Wilby som Maurice, Hugh Grant som Clive og Rupert Graves som Alec.

Noveller og reiselitteratur

Forster tok tidleg til å skrive noveller. Dei første er frå opphalda i Italia og Hellas etter studietida i Cambridge. Seinare blei novellene samla i The Celestial Omnibus and Other Stories (1911) og The Eternal Moment and Other Stories (1928). Ei samling med etterlatne forteljingar blei utgitt i 1972 med tittelen The Life to Come and Other Stories. Denne posthumt publiserte novellesamlinga innheld ei av dei mest kjende novellene hans, «The Other Boat».

Forster skreiv òg om historie og kultur i landa han reiste til, særleg i Middelshavsområdet. Mest kjend er Alexandria: A History and Guide (1922).

Essay og litteraturkritikk

Mange av Forsters essay er samla i Abinger Harvest (1936) og Two Cheers for Democracy (1951). Aspects of the Novel (1927) diskuterer romanen og romanskriving. Boka blei av mange sett som normativ sidan det kan verke som Forster meiner ein roman bør skrivast slik han sjølv gjer det, men han gir ein original estetisk analyse av romanens kjenneteikn og verkemiddel.

Påverknad og aktualitet

Forster står i og er påverka av den engelske romantradisjonen frå Jane Austen, Charlotte og Emily Brontë, Charles Dickens, George Eliot og Thomas Hardy. Han har sjølv påverka mange forfattarar både i Storbritannia og internasjonalt.

Forster har gradvis etablert seg som spesielt aktuell, relevant og viktig for to samansette forfattar- og lesargrupper. Den første gruppa gjeld dei som er opptatt av spørsmål om kjønn, kjønnsrelasjonar og makt. Den andre gjeld forfattarar og lesarar som interesserer seg for maktrelasjonar mellom Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane. Denne interessa har gitt Forster ein sterk posisjon i postkoloniale studier. En reise til India spelar ei nøkkelrolle her.

Forster blei nominert til Nobelprisen 22 gonger, og Howards End og En reise til India framstår i dag som sentrale romanar i britisk og europeisk litteratur. Han hadde ei sjeldan evne til å identifisere og analysere kjønnsrelasjonar og sosiale forskjellar, og En reise til India viser ei eineståande innleving i indisk mentalitet og vender seg mot det britiske styret i India utan at romanens litterære kvalitet blir svekka.

Omsetjingar til norsk

  • A Room with a View (1908). Et rom med utsikt. Omsett av Kirsti Øvergaard. Oslo, 2007.
  • Howards End (1910). Howards End. Omsett av Berit Hoff. Oslo: Gyldendal, 1981.
  • A Passage to India (1924). En reise til India. Omsett av Peter Magnus. Oslo: Gyldendal, 1959.
  • Maurice (1971). Omsett av Tone Formo. Oslo: Pax, 2003.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bhaba, Homi K. (1994). The Location of Culture. London: Routledge.
  • Bradshaw, David (red. 2007). The Cambridge Companion to E. M. Forster. Cambrige: Cambridge University Press.
  • Martin, Robert og George Piggford (red. 1997). Queer Forster. Chicago: University of Chicago Press.
  • May, Brian (1997). The Modernist as Pragmatist: E. M. Forster and the Fate of Liberalism. Columbia: University of Missouri Press.
  • Furbank, P. N. (1977-1978). E. M. Forster: A Life. 2 bind. London.
  • Kermode, Frank (2010). Concerning E. M. Forster. London: Widenfeld & Nicolson.
  • King, Francis (1978). E. M. Forster and his World. London: Mansell.
  • Mishra, Pankaj (2005). "E. M. Forster". I India in Mind: An Anthology. New York: Vintage Books, s. 61-70.
  • Said, Edward W. (1993). Culture and Imperialism. New York: Vintage.
  • Trilling, Lionel (1965). E. M. Forster. New York: New Directions.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg