[go: up one dir, main page]

Biletet viser ulike typar jord i fleire lag. Det øvste, mørke laget er humus. Så kjem bleikejord og så mineraljord. Det er skarpe grenser mellom laga.
Foto av jord i ulike lag
Av .

Jord er lag av lause materiale som ligg oppå fast fjell. Jord kan bestå av mold, sand, leire, humus og liknande.

Dei fleste planter veks i jord og treng næring frå jorda.

Korleis jord blir danna

Det tar lang tid å danne jord. Dei fleste typar jord i Noreg blei danna under og etter den siste istida, for mellom 13 000 til 8500 år sidan. Det kan ta 500 til 1000 år å danne eit lag jord. Når vind, vatn og temperatur endrar seg, blir små bitar av stein brotne ned i små partiklar. Dei minste partiklane blir kalla leire. Dei mellomste er silt, og dei største er sand. Ulike typar jord har ulik blanding av leire, silt og sand.

Jord blir også danna av døde planter og restar av dyr. Ulike nedbrytarar som lever i jorda, gjer om restane til næring. Over lang tid blir restane blanda med steinpartiklane. Dette gir næring til nye planter.

Jordsmonn

Jordsmonn er det øvste laget av jord. Her er det blant anna sand, leire, småstein, vatn, luft og næringsstoff. I jordsmonn lever bakteriar, meitemark og andre smådyr. Det er òg her planterøtene finn næringa dei treng for å leve.

Ulike typar jord

Jord kan innehalde organisk materiale, som humus. At noko er organisk vil seie at det har med levande organismar å gjere. Organisk materiale er restar av døde planter og dyr, og det inneheld karbon. Jord kan òg vere laga av uorganisk materiale. Dette inneheld mineral og er laga av stein og sand.

Jord har mange små porer, eller mellomrom. Desse inneheld luft og vatn.

Planter treng næring frå jord for å kunne gro. Utan jord hadde det meste av livet på Jorda ikkje klart seg. Fleire små dyr og organismar lever i jord.

Døme på jordartar

Jord blir delt inn i ulike typar etter korleis dei blei til:

  • Organisk jord blir danna av døde dyr og planter
  • Morenejord blir liggande igjen når isbrear smeltar
  • Sedimentær jord er flytta med vatn, til dømes elver
  • Flygesand er sand som vinden har flytta
  • Skredjord blir danna når stein rasar ned fjellsider
  • Forvitringsjord blir danna når syre eller frost bryt ned fjell

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ragnhild Gya
Postdoktor i biologididaktikk, Universitetet i Bergen