Kulturminister er ein politikar som er medlem av regjeringa og har ansvar for alt staten gjer for kultur. Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet er minister både for kultur og likestilling.
Ein kulturminister er leiar for kulturdepartementet. Eit departement er ei stor gruppe politikarar og fagpersonar som jobbar for ein minister.
Det er statsministeren som bestemmer kven som skal vere minister i dei ulike departementa. Ein minister blir også kalla statsråd.