[go: up one dir, main page]

Flere kvinner i fargerike kjoler synger og spiller på en scene. På veggen bak står det forskjellig tekst, som sufi. Det er fordi gruppen synger og spiller på en sufi-festival.

Folkemusikk finst i alle land og kulturar, og inneheld mange ulike sjangrar og stilar. Biletet viser ei marokkansk folkemusikkgruppe på ein festival i India.

Foto av marokkansk folkemusikkgruppe.
Av /Getty Images.
Nærbilde av en kvinne i tradisjonell, samisk kofte med sølje.

Den samiske joiken høyrer til Europas eldste former for folkemusikk. Inga Juuso var ein kjend joikar.

Foto av Inga Juuso.
Av .

Folkemusikk blir òg blanda med andre sjangrar. Den norske gruppa Valkyrien Allstars er eit døme på eit band som speler ei blanding av folkemusikk og rock.

Foto av Valkyrien Allstars.
Av .
Gammelt foto av tre personer med hardingfele. Det er en dame med bunad og to menn med mørke klær.
I norsk folkemusikk er hardingfela eit viktig instrument.
Foto av musikere med hardingfele.

Folkemusikk er musikk som høyrer til ein bestemt stad og ein bestemt kultur. Folkemusikken har blitt lært vidare munnleg ved at ein har høyrt musikken bli spelt og sungen. Dette er ulikt frå musikk som har blitt skrive ned med notar, som til dømes klassisk musikk.

Folkemusikk blir òg kalla tradisjonsmusikk.

Folkemusikk finst i alle land og kulturar, og inneheld mange ulike sjangrar og stilar. Det kan vere både dansemusikk, voggeviser, stev og arbeidsviser.

Kjenneteikn

Folkemusikk varierer mykje frå land til land. Difor kan det vere vanskeleg å finne heilt bestemte kjenneteikn. Folkemusikk har òg utvikla seg mykje gjennom historia.

Nokre trekk er felles:

  • Musikken er knytt til eit bestemt område eller ein lokal kultur. Den gjev menneske frå same stad ein felles identitet.
  • Folkemusikken har blitt delt munnleg frå person til person.
  • Ein veit som regel ikkje kven som opphavleg laga melodien eller songen. Det skil folkemusikken frå kunstmusikken i Europa.
  • Folkemusikarar spelte opphavleg som regel ved festar, til dømes i bryllaup og til dans.
  • Ofte handlar songane om historiske personar og hendingar.

Folkemusikk har påverka mange typar populærmusikk. Til dømes har sjangrane country og blues utvikla seg frå folkemusikk. Klassisk musikk har òg blitt påverka av folkemusikk. Påverknaden var særleg tydeleg i klassisk musikk frå romantikken.

Instrument

Mykje av folkemusikken i verda er vokal. Det vil seie song utan instrument. Den vokale folkemusikken består av ulike typar songar, til dømes arbeidsviser, voggeviser og folkeviser.

Sjølv om song er viktig, finst det òg mykje folkemusikk med instrument. Nokre instrument er spesielle for enkelte kulturar, andre er felles for fleire land. Til dømes er det mange kulturar som bruker sekkepipe, munnharpe og fløyter.

Norsk folkemusikk

Folkemusikken i Noreg har ei lang historie. Den er både vokal og instrumental. Den norske folkemusikken inneheld til dømes slåttar, lokkar, stev, balladar, religiøse folketonar og viser.

Dei viktigaste instrumenta i norsk folkemusikk er hardingfele og vanleg fele. I tillegg er langeleik, munnharpe og ulike variantar av trekkspel vanleg.

Samisk folkemusikk har mange ulike uttrykksformer. Den viktigaste forma er joik, som blir rekna som den mest opphavlege samiske musikkforma.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet