[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Samisk namn
Sisdajve (sørsamisk)
Sentrum
Hamar
Innbyggjartal
378 000
Landareal
49 391 km²
Høgaste fjell
Galdhøpiggen (2469 moh.)
Innbyggjarnamn
innlending
Fylkesvåpen for Innlandet

Kart over kommunar i Innlandet fylke

Kommuner i Innlandet fylke
Store norske leksikon.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Innlandet er eit fylke i Noreg. Fylket grensar til Akershus, Buskerud, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Innlandet har òg grense til Sverige i aust.

Fylket består av 46 kommunar. Dei største byane er Hamar, Gjøvik og Lillehammer.

Styring og økonomi

Innlandet fylkeskommune styrer lokale oppgåver som vidaregåande skular, kollektivtransport og kultur.

Fylkeshuset ligg på Hamar. Fylkesordføraren er den øvste folkevalde leiaren i fylkeskommunen. Arbeidarpartiet vart det største politiske partiet i Innlandet under kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023.

Sjukehuset Innlandet HF i Lillehammer er det største sjukehuset i fylket. Sjukehuset har mellom anna avdelingar i Hamar, Elverum, Tynset og Gjøvik.

Mange menneske i fylket jobbar med helse, utdanning, jordbruk og turisme. Innlandet er fylket med mest jordbruk i Noreg. Fleire stader i Innlandet bur det samar som driv med reindrift.

Folk og kultur

Rundt 7 prosent av befolkninga i Noreg bur i fylket. 60 prosent bur i byar og tettstader. Dei siste tiåra har mange menneske flytta til byane som ligg ved innsjøen Mjøsa.

Rundt 90 prosent har bokmål som hovudspråk i grunnskulen, medan 10 prosent har nynorsk som hovudspråk. Det er mange vidaregåande skular og fleire folkehøgskular i fylket. Universitetet i Innlandet har fleire avdelingar i fylket.

Jotunheimen, Rondane og Femundsmarka er populære reisemål for turistar. Norsk skogmuseum og Maihaugen er òg populære turistmål.

Natur og klima

utsiden av Vikingskipet som ser ut som et skip opp-ned
Hamar arrangerte vinter-OL i 1994 saman med Lillehammer. Vikingskipet er ein arena for hurtigløp på skøyter. I tillegg blir hallen brukt til messer, utstillingar og liknande.
Foto av Vikingskipet
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Innlandet er det einaste fylket i Noreg som ikkje ligg ved kysten.

Fylket består av mykje skog, innsjøar, elvar og mange dalar og bratte fjellområde. Det er 11 nasjonalparkar i fylket.

I Jotunheimen ligg Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen. Noregs største innsjø, Mjøsa, ligg òg i fylket.

Det lever mellom anna elg, hjort, villrein, rev, gaupe, bever og hare i fylket. I innsjøane finst det aure, gjedde og åbor.

Innlandet har kalde vintrar og milde sumrar. Om vinteren kjem det mykje snø mange stader i fylket. Det er fleire vasskraftverk og vindkraftverk i Innlandet.

Namn og fylkesvåpen

Innlandet fylke vart grunnlagt 1. januar 2020 etter at fylka Oppland og Hedmark vart slått saman.

Fylkesvåpenet er eit skjold med tre liner i kvitt på grøn bakgrunn. Det symboliserer vatn, fjell og tretoppar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lars Mæhlum
Cand.mag.