Karsten Warholm er ein norsk friidrettsutøvar frå Ulsteinvik i Møre og Romsdal fylke. Han er ein av dei beste løparane i verda på 400 meter hekk.
Warholm har vunne både OL-gull, VM-gull og EM-gull. Han har også verdsrekorden på 400 hekk. I 2021 vart han den fyrste frå Noreg som vart kåra til Årets mannlege friidrettsutøvar i verda av Det internasjonale friidrettsforbundet. Warholm bur og trenar i Oslo. Han konkurrerer framleis for klubben han starta i som barn. Klubben heiter Dimna IL og held til nær Ulsteinvik i Ulstein kommune.