[go: up one dir, main page]

Økonomi handlar om korleis varer, tenester og ressursar blir produserte, fordelte, kjøpte, selde og brukte. I praksis handlar det mykje om korleis ein brukar pengar.

Ordet økonomi blir brukt på mange ulike måtar:

  • Det kan handle om korleis ein familie bruker pengane dei har.
  • Det kan handle om korleis ein bedrift eller organisasjon tener og brukar pengar.
  • Det kan handle om korleis eit samfunn bruker ressursane sine.

Privatøkonomi

Privatøkonomi er korleis folk styrer med sine eigne pengar. Det kan òg kallast personleg økonomi.

For at nokon skal ha god privatøkonomi, må dei ha pengar til alt dei treng. Då må inntektene deira vere høge nok til å dekkje utgiftene. Eit budsjett er ein oversikt over kor mykje pengar ein har, og kva ein treng å bruke pengar på. Budsjett kan vere nyttig for å finne ut om ein har nok pengar.

Å ha god økonomi betyr at det er pengar til overs til å bruke på ting ein har lyst til, men som ein ikkje treng. Pengar til overs kan ein også spare.

Dårleg økonomi er det motsette. Då har ein ikkje nok inntekter til å betale for alt ein treng.

Økonomi som fag

Økonomi er òg eit fagskular, høgskular og universitet. Ein som har studert økonomi, kan for eksempel bli økonom eller rekneskapsførar.

Faget økonomi kan ein dele opp i bedriftsøkonomi og samfunnsøkonomi:

Økonomi i eit land

Når folk snakkar om «den norske økonomien», meiner dei ofte korleis det går med økonomien i Noreg. Økonomien i eit land er ein del av faget samfunnsøkonomi.

Når ein snakkar om økonomien i eit land, kan det handle om kor rikt eit land er og kor mykje som blir laga i landet (bruttonasjonalprodukt). Kor mange som er arbeidslause og kor høg inflasjonen er, påverkar òg økonomien i landet. Kor mykje ein handlar med utlandet, og kor mykje valutaen i landet er verd, speler òg rolle.

Økonomisk system

Det finst ulike typar økonomiske system. Systema ordnar korleis ting som produksjon, handel, gjenbruk og gjenvinning skjer i eit samfunn.

Nokre eksempel er marknadsøkonomi, blandingsøkonomi og planøkonomi. I Noreg er det blandingsøkonomi.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Helene Onshuus
Postdoktorstipendiat, OsloMet – storbyuniversitetet