Fallout
Fallout på Prime Video tek med seg det rike og postapokalyptiske universet frå spela og gjer det til ein visuelt imponerande serie. Verda er detaljert, storslått og full av særpreg, med ei bakhistorie som gir tyngde til det som skjer – sjølv for dei som ikkje kjenner spela frå før. Serien ser rett og slett skikkeleg bra ut, og det er mykje å dykke ned i.
Tempoet på den fortalte historia kunne gjerne vore litt høgare til tider, og det kunne ha tent på å halde att litt meir av det mystiske. Nokre avsløringar kjem kanskje for lett, og det kan svekke drivkrafta om serien skal halde fram over fleire sesongar. Men det er småplukk i ei elles vellukka og underhaldande forteljing som klarar å kombinere action, satire og verdsbygging på ein solid måte. Fallout er definitivt verdt tida.