Det nærmar seg messetid igjen, så Tante Melin må fornye kolleksjonen sin litt.
Snurreskjørt i str 5-6 år. Modellen er rundklipt, så skjørtet svingar seg flott når den som har det på dansar litt. Skulle ønske eg hadde "live" bilder, for desse skjørta er verkeleg flotte på.
Nederst er ein liten, søt hjartekant.
Denne modellen lagar eg for første gong. Den kan nyttast som den er, eller om det er litt kjølig, kan ein ha ein tynn jerseygenser og strømpebukse under.
Modellen har strikk i halsringinga, og falsk knappestolpe med fargeglade knappar på.
Ei lita lomme med blondekant har det også blitt plass til.
Kjolen finnast også i motsette fargar, men eg var tom for batteri, så det vart desverre ikkje fleire bilete.
Produkta i dette innlegget ligg i Eplabutikken min. Du finn den ved å klikke på linken oppe til høgre på sida her.